Risikoanalyse & Myrstrå vipper | Heldagsprøve i norsk

Innledning
«Myrstrå vipper» er eit modernistisk dikt skrive av Rolf Jacobsen, publisert i diktsamlinga Vrimmel i 1935. Jacobsen er kjent for å skrive dikt som gir uttrykk for skepsis mot den moderne sivilisasjonen og dei teknologiske framstega. I diktet formidlar Jacobsen ei viss bekymring rundt utviklinga, og kva ho gjer med naturen.

Diktet er modernistisk bygget opp, beståande av fem strofer med eit ujamt tal verselinjer. Trass at forfattaren ikkje nyttar rim, skapar gjentaking rytme i diktet.

Forfattaren gjentek strofa med naturskildringane tre gonger, noko gir uttrykk for at naturen er veldig viktig. Vidare introduserer forfattaren samanlikningar for å skape ein kontrast mellom den teknologisk utvikla byen, og den urørte naturen.

Han seier til dømes: «bilene er stanset i lange rekker, (…) i evige karavaner, (…) Myrstrå vipper, bøier sig mot øst og vest og hvisker.» Kontrasten poengterer bodskapen til forfattaren, fordi det tydeleggjer kva for ein enorm utvikling som føregår. Vidare nyttar forfattaren språklege bilete i skildringa av bilane: «ligger med hjulene i været som døde insekter.» .

Det er tydeleg at han nyttar bilane som ein metafor for den teknologiske utviklinga, og insekta som ein metafor på naturen. Forfattaren samanliknar dei to, og seier at bilane på søppeldyngja er som døde insekt. Dette er eit sterkt verkemiddel, fordi det poengterer bodskapen til forfattaren. Han antyder at den teknologiske utviklinga kan samanliknas med - og dimed forårsakar, naturen sin død.

Innhold
Del A: Kortsvar
Forårsakar den teknologiske utviklinga naturen sin død?

Del B
Oppgåve 1

Utdrag
Risikoanalyse er ein leiarartikkel skrive av Erlend Sande, publisert i tidsskriftet Fri Flyt i 2009. I teksten tar forfattaren for seg temaet omhandlande risiko, båe i ekstremsport og i kvardagen. Sande legger gjennomgåande vekt på eigne synspunkt i saka, og underbyggjer dei med konkrete døme.

Fyrst og fremst nyttar han ekstremsportutøvaren Jarle Trå som eit døme for å poengtere bodskapen sin. I denne retoriske analysen skal eg ta for meg hovudsynet i teksten, og presentere nokre retoriske grep.

At hovudtemaet i leiarartikkelen Risikoanalyse er nettopp risiko, introduseres for teksten sin målgruppe - tidsskriftets lesarar, allereie i tittelen.

Temaet understrekes ytterlegere ved bruk av ein illustrasjon av tre fareskilt som ein kan finne langs vegen. Redigert inn i fareskilta som mellom anna varslar om bratte bakkar, finn vi eit menneske som vel å ta risikoen ved å stå på ski i den bratte bakken.

Tidleg i teksten, allereie i andre avsnitt, stiller forfattaren spørsmål ved utgangspunktet for heile diskusjonen. Han seier følgjande: «Visst kan klatring eller laussnøkjøring vere risikabelt. (…) Men eg undrar meg av og til over utgangspunktet for spørsmålet.

Det hørest ut som om det å ta sjansar, utsetje seg sjølv for risiko, er noko heilt unikt for ekstremsportutøvarar.».

Dette summerer ikkje berre opp diskusjonen som føregår når det gjeld risikoen ved ekstremsport, men det indikerer også ei problemstilling for Sande sin tekst. Vidare tydeleggjer det også temaet for artikkelen. Gjennom teksten debatterer forfattaren rundt temaet, med fokus på om det eigentleg er korrekt å påstå at ekstremsportutøvarar tar så betydeleg mykje større risikoar enn alle andre.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter