Innledning
Garman & Worse er en roman skrive av den realistiske forfattaren Alexander Kielland. Han var oppteken av å avsløra hyklarar og sosial urettferdig og å skapa eit betre samfunn.
I utdraget frå romanen finn vi fleire realistiske trekk. Å kjenne seg igjen var ein viktig føresetnad for dei realistiske forfattarane som Alexander Kielland.
Eit anne viktig kjenneteikn for realismen var å skildre verkelegheita med allmennmenneskelige, økonomiske og sosiale problema, det er nettopp dette Kielland gjer i German & Worse.
Realistiske forfattarar ønsket å beskrive personar og hendingar så realistisk som muleg. Alexander Kielland freista å gjengi verkelegheita ved å dvela ved detaljar.
Dette er eit typisk trekk innanfor realismen, som gjev lesaren eit inntrykk av at innhaldet er sant.
I teksten finn vi skildringar slik som, «det lå i den grushaug som var kastet opp av graven, noen knokler og ben og et par hjerneskaller». Dette er skildringar som skildra verkelegheita slik den eigentleg var, utan å halda noko tilbake.
Utdrag
Situasjonen til Nora frå «Et Dukkehjem» og situasjonen til Noora i NRK-serien «Skam» er ganske lik, men på same måte og ganske ulik.
Dette er eit drama og ein serie som er skrive og laga i to heilt ulike tidsepokar, av to heilt forskjellige menneske.
«Et Dukkehjem» vart utgjeve i 1879 og er skrive av Henrik Ibsen. Dramaet handlar om Nora og hennar familie. Nora følar seg som «dukken» til Helmer og ho forlat difor han og borna sine.
NRK-serien «Skam» vart utgjeven i 2016 og tek for seg ein gjeng vidaregåande elevar som går på Nissen vidaregåande skule i Oslo.
Hovudpersonen Noora er feminist og er oppteke av at menneske og at alle skal ha det godt. Noora og vennegjengen lever eit helt vanleg ungdomsliv i Noreg.
Vi finn fleire likskapar og skilnadar mellom situasjonen til Nora frå «Et Dukkehjem» og situasjonen til Noora i «Skam», som er meir enn at hovudpersonen deler same namn.
Nora i «Et Dukkehjem» og Noora i «Skam» er faktisk to parallellhandlingar, der Noora og William, representerer Nora og Helmer.
I NRK-Serien Skam kallar faktisk Noora William for «Wilhelm» fleire gonger, nettopp fordi det er ganske mange likskapar mellom både William og Helmer.
Både William og Helmer behandlar hovudpersonane som dukkar, i begge situasjonane kjem det frem at det er mannen som veit kva som er best for kvinna.
Legg igjen en kommentar