Innledning
Reklamen «Diamonds are fantastic» stod på trykk i magasinet Kamille 11.02.2011. Reklamen kjem frå gullsmedkjeda Mestergull og er kommersiell.
Formålet er å selja diamantar til Kamille-lesarane, i hovudsak kvinner. «Ja, vi elsker» var ein reklame i A-magasinet i den 13. utgåva i 2017.
Det er Sylvsmidja som står bak han, og også denne reklamen er kommersiell. Formålet er å selja bunadssylv til eit breitt spekter av nordmenn.
Utdrag
Etosappell, styrking av avsendartruverd, finn me òg mykje av i reklamane. Mestergull «samarbeider med de beste gemmologiske institutter og diamantslipere i verden [...]».
Dei viser tydeleg at dei gjer skikkeleg arbeid og er ein anstedig aktør. Logoen deira er plassert stort og tydeleg, i lag med alle 24 byane dei har butikkar i. Butikkane syner at Mestergull er ei stor kjede, og har difor kunnskap.
I tillegg til sin eigen logo er smykka på biletet frå varemerket CinderellaTM, som igjen skapar tryggleik til at dette er ein profesjonell aktør. Sylvsmidja skriv ikkje noko direkte om seg sjølv i reklameteksten.
Dei har logoen sin øvst på bilete, i lag med etableringsåret 1940. Sylvsmidja er gamalt og ærverdig, noko som gjev dei ein sterk etos.
I ein illustrasjon står det skrive «norsk bunadssølv – handverk frå Voss». Dette styrkjer også etosen mykje, ettersom norskprodusert og kvalitet går hand i hand.
Dette norske finn vi også i teksten. Mestergull skriv på engelsk, og nyttar dette som eit verkemiddel for å setje fokus på den globale kvaliteten dei har.
Sylvsmidja skriv på nynorsk og nyttar den norske kvaliteten i si marknadsføring. Her heng etos og patos på mange måtar saman.
Fokuset på det norske spelar mykje på kjenslene våre, men styrkar vel så mykje avsendar sitt truverd. Dette er meir delt hjå Mestergull, som spelar på glamour i patosappellen og kvalitet i etosappellen.
Logosappell er det ikkje så mykje av. Ingen av produsentane legg stort fokus på produktinformasjon. Mestergull skriv litt om diamantar og kvifor dei trengst:
«[Diamantringen] fremhever med sitt elegante design diamantens fantastiske egenskaper og lar den briljere med all sin skjønnhet.» Utanom dette er det lite direkte skildring av produktet.
Likevel kan ein knytte Side 3 av 4 etosappellen opp mot logos. Det at Mestergull arbeider globalt med diamantane seier ganske tydeleg at det er kvalitet, og på same måte som med Sylvsmidja glir appellformene inn i kvarandre.
Legg igjen en kommentar