Innledning
Annonsen du kan sjå ovanfor er ein annonse som reklamerer for Morgenbladet. Avsendaren av reklamen som i dette tilfellet er av sjangeren samansett tekst, er Morgenbladet sjølv.
Målgruppa for annonsen blir i hovudsak alle lesarar i alle aldrar som liker å lese avisar og vekeblad. Annonsen er ofte plassert i ei anna avis eller i eit magasin, for eksempel på store plakatar i gatene eller på andre offentlege stader.
Avsendaren ynskjer å selje sitt produkt til flest mogleg menneske med ein annonse som inkluderer ein lett måte å få tak i produktet dykkars.
Med kjente metaforar og eit blikkfangande motiv, oppnår avsendaren at mange menneske legg merke til annonsen.
Morgenbladet er ein produsent av avisar og har sin eiga nettavis. Dei har også fleire av denne typen annonser der metaforane og dei forskjellege fargekontrastane er ein gjengangar.
Utdrag
Det som seies å vere overskrifta i teksten er metaforen: «Ikke mist hodet i sommar» som er skriven med stor skrift med lysegrøn farge.
Fargen er den same som iskula, som igjen styrker samanhengen mellom metaforen og motivet i biletet. Fargen som er valt gir ein roleg stemning og ein sommarfølelse.
Skrifttypen på hovudoverskrifta er ein heilt nøytral type skriven med store bokstaver. Brødteksten under er derimot skriven med ein klassisk skrifttype, men med same farge.
Den tredje setninga er skriven med svarte, store bokstaver med dei viktigaste orda utheva litt tydelegare. Dette er mest sannsynleg gjort for å utheve denne setninga slik at lesarane finn korleis dei skal få tak i produktet.
Som sagt er det dette motivet av ein is og ein hjerne som er det fyrste ein gjerne legg merke til. Med ein dus lys grå bakgrunnsfarge skil den lysegrøne fargen seg godt ut frå bakgrunnen.
Dette framhevar denne metaforen og samanhengen mellom metaforen og motivet. Avsendaren oppnår på denne måten endå meir oppmerksamheit retta mot humoren og «grunnen» til kvifor lesaren skal kjøpe produktet dykkars.
Den kaldtona bakgrunnsfargen kan også føre til at den lager «meir plass» for denne annonsen om den er plassert saman med andre annonsar, slik at det er denne annonsen som ein fyrst legg merke til når ein ser ein vegg fylt av forskjellege plakatar.
Legg igjen en kommentar