Innledning
Arild Nyquist ga i 1974 ut samlinga Blæsch og andre historier. Der finn vi novella ”Mannen med klokken”, som skal bli reflektert i denne tolkinga.
I løpet av sitt liv ga Nyquist ut eit stort utval litteratur, alt frå barnebøker, diktsamlingar og romanar til sjølvbiografi.
Sjølv er han best kjend for opplesar av eigne dikt, og i tillegg til å vere lyrikar er han ein aktiv biletkunstar.
I novella ”Mannen med klokken” kan ein finne bilete som forfattaren har brukt som verkemiddel. Bileta er ein sentral del i teksten og bringar fram temaet på ein interessant måte.
Ein mann som baserar livet sitt på ei klokke for å rekkje alle planlagde avtalar, er motivet i novella. Han verkar avhengig av tida og sliter med å gi frå seg klokka.
Gjennom denne tolkinga vil det bli lagt mest vekt på kva effekt dei språklege bileta har på tolkinga, kva andre verkemiddel det er og korleis dei kjem fram.
Utdrag
Sjølv om mannen ber urmakaren om å vere forsiktig med klokka, mistar han den i golvet. Dette er vendepunktet.
”Det harde steingolvet” og eit ”kaldt, ekkelt smell” er beskrivinga då klokka faller ned.
”Hardt”, ”kaldt” og ”ekkelt” er minusord som trekker fram stemninga igjen og beskriv miljøet mannen lev i.
Alt kjennes dystert for denne mannen. ”Mannen med klokken trodde han skulle dø.”; her får vi for første gong ei innsikt i tankane hans.
Det er katastrofalt for han å miste den vesle gjenstanden med oversikta over tida, oversikt over avtalane, over livet hans.
For mannen målas alt i tid; ”Tingene beveger seg – togene, flyene, bussene og menneskene – ingen ting står stille!”.
Kva skal han gjere utan klokka, spør han seg sjølv. Urmakaren reparerer ho ved det ”lille klokkebordet”, der ordet ”lille” blir gjenteke seinare i form av hans ”lille butikk”.
Urmakaren sin klokkebutikk er berre ein liten del av verda, lik som klokka er. Han avhenger av ein så liten gjenstand, likt som dei fleste andre i samfunnet vårt.
Bodskapen er å ta seg fri frå klokka. Då mannen får klokka tilbake i god forstand spør han urmakaren om han ikkje kan stille den for han.
Mannen var stressa og ute av seg for at klokka ikkje kom til å klare seg, og for han hadde gjenstanden har personlege eigenskapar.
Urmakaren måtte vere forsiktig med ho. Då klokka blei skada, måtte butikkeigaren operere ho og vekke ho til live, slik at gjenstanden kunne fungere saman med mannen igjen.
Legg igjen en kommentar