Innledning
Arild Nyquist ga i 1974 ut samlinga Blæsch og andre historier. Der finn vi novella ”Mannen med klokken”, som skal bli reflektert i denne tolkinga.

I løpet av sitt liv ga Nyquist ut eit stort utval litteratur, alt frå barnebøker, diktsamlingar og romanar til sjølvbiografi.

Sjølv er han best kjend for opplesar av eigne dikt, og i tillegg til å vere lyrikar er han ein aktiv biletkunstar.

I novella ”Mannen med klokken” kan ein finne bilete som forfattaren har brukt som verkemiddel.

Bileta er ein sentral del i teksten og bringar fram temaet på ein interessant måte.

Ein mann som baserar livet sitt på ei klokke for å rekkje alle planlagde avtalar, er motivet i novella.

Han verkar avhengig av tida og sliter med å gi frå seg klokka.

Gjennom denne tolkinga vil det bli lagt mest vekt på kva effekt dei språklege bileta har på tolkinga, kva andre verkemiddel det er og korleis dei kjem fram.

Utdrag
Då mannen kjem peisande inn til urmakaren ber han om eit nytt kjede til klokka si. ”... trakk klokken fram fra klokkelommen på den grå vesten sin....”. Ordet ”grått” er en konnotasjon for livet hans.

Forfattaren oppnår dermed ei dyster stemning over miljøet mannen lev i utan å ei konkret beskriving av omgivnadane.

Mannen er parallell med miljøet, han er prega av tid og opptrer som ein bekymra type.

Han ber om eit stålkjede til klokka si, der ”stålkjede” er ei beskriving på at han vil binde seg totalt til klokka. Stål er hardt og stabilt. Han ynskjer å ha ei stabil tid.

Sjølv om mannen ber urmakaren om å vere forsiktig med klokka, mistar han den i golvet. Dette er vendepunktet. ”Det harde steingolvet” og eit ”kaldt, ekkelt smell” er beskrivinga då klokka faller ned.

”Hardt”, ”kaldt” og ”ekkelt” er minusord som trekker fram stemninga igjen og beskriv miljøet mannen lev i. Alt kjennes dystert for denne mannen.

”Mannen med klokken trodde han skulle dø.”; her får vi for første gong ei innsikt i tankane hans. Det er katastrofalt for han å miste den vesle gjenstanden med oversikta over tida, oversikt over avtalane, over livet hans.

For mannen målas alt i tid; ”Tingene beveger seg – togene, flyene, bussene og menneskene – ingen ting står stille!”.