Innledning
Skjermen på mobilen lyser opp. Tekstmeldinga er frå Jonas. Jonas og eg byrja å snakke saman i starten av denne pandemien, som skulle vise seg å setje liva våre på hovudet.
Utdrag
Eg og Jonas har ikkje sett kvarandre på fleire månader. Dette pregar verkeleg forholdet vårt i ein negativ retning.
Lengselen etter den gode, varme klemmen som gjer meg tryggleik. Tryggleiken eg aldri har kjent før og som er uviss på kva tid eg får kjenne att.
Meldingane er det næraste eg kjem han no. Sjølv om meldingane er nokså romantiske, er ikkje det det same som å ha nærheit til personen ein elskar så høgt.
Tida går fort, men framleis ekstremt sakte. Det er godt å kjenne på saknet for då veit ein at det er ekte kjærleik.
Når tida går, er det naturleg å miste litt av desse kjenslene. Ein byrjar å tvile. Tvile på om det faktisk var ekte. Realiteten vert ikkje enkelt å sjå. Ein vert blenda. All kjærleik kan ein ikkje vise digitalt.
Legg igjen en kommentar