Innledning
I denne fagartikkelen skal eg gjere greie for korleis kjærleik kjem fram i teksten Romeo og Julie skriven av William Shakespeare, og drøfte om teksten er relevant i dag.

Eg skal også trekke inn to andre tekster, Tatt av kvinnen skriven av Erlend Loe og Skam og sette de opp mot tema innanfor kjærleik i Romeo og Julie.

Romeo og Julie vart skriven i 1597 av William Shakespeare. I teksten er vi vitnar til en intens og forbod kjærleikshistorie, med ein meir uvanleg type kjærleik i forhold til nåtida.

Utdrag
Dette er svært ulikt frå den unge kjærleiken i dag, som vi blant anna kan sjå i Skam kor gutane vart godt kjent før dei bestemte seg for å bli saman, men også i Tatt av kvinnen er dette tydeleg annleis.

Sjølv om i Tatt av kvinnen flytter dei inn saman i teksta, så får vi høyre om ulike aktivitetar dei har gjort saman og korleis de har blitt betre kjent med kvarandre over tid.

Dette var ikkje tilfellet i Romeo og Julie, kor dei møttest for fyrste gong og bestemte seg for å gifte seg. Eit anna tema om kjærleik i Romeo og Julie som enda er relevant i dag, er korleis hindringar dei møter på i forholdet sitt.

Sjølvsagt har både kjærleik frå 1500-tallet og frå i dag hindringar, men korleis de utrykkas kan vere litt annleis i dag.

I Romeo og Julie kan ein si at hindringane kjem utanfrå forholdet, i hovudsak frå foreldrane, men også samfunnet rundt dem og grupperingane som vart danna av familiane deira.

Kjærleiken deira var forboden på grunn av faktorar utanfrå forholdet, men i Skam og Tatt av kvinnen ser ein at hindringane i hovudsak kjem innanfrå forholdet.

I Skam så er det framfor alt Even sin bipolare liding som hindra gutane i å kommunisere og oppleve den kjærleiken dei ønska.

Det var få utvendige faktorar i deira forhold, men ein kan argumentere for at ein utvendig faktor som også kunne vert relevant i dag er at gutane er homofile, som kunne vert ein hindring dersom samfunnet dei levde i enda var negative til dette.