Okkupert kjærleik | Norsk | 5 i karakter

Innholdsfortegnelse
Del A

Del B
Oppgåve 2:
- Retorisk analyse av «Relansering av Sunfjord bestikk fra Helle»
- Bruk av retorikk
- Kor godt fungerer kampanjen etter føremålet?

Utdrag
Okkupert kjærleik er ein roman frå år 2000, skrive av Ragnfrid Trohaug. Utdraget handlar om Ida, ei jente på 15 år, som skal bu hos storebror Thomas og kjærasten hans heile sommaren fordi faren og moren til Ida skal reise bort.

Det blir brukt mykje overdriving for å få fram bodskapen om at Ida heller vil sitte i eit tre enn å vere hos Thomas og Maria.

«Eg blir til greina visnar eller stammen knekk av alderdom,» og «åtte veker i et tre..» er døme på overdriving. Ida kjem jo ikkje bokstaveleg tala til å sitte i treet så lenge, sjølv om det kanskje er det som fristar mest akkurat der og da.

Det at Ida sit i eit tre blir gjenteke gjennom heile teksten på forskjellige måtar. Det fører til at vi verkeleg får med oss at ho sit i eit tre, og at ho føler seg aleine, trist og kanskje litt usynleg.

Det blir også gjenteke at ho har ein sterk framandkjensle ved blant anna «Frakta inn til Maria sin by, hennes hus, hennes gate,» og «Bror min og Maria sin stad, deires stad.»

Det blir også brukt samanlikning fleire gonger i teksten. «..ristar som ei Duracell-kanin,» og «ristar symaskin,» er døme på det.

Ved å bruke desse samanlikningane får forfattaren fram at Ida har eigenskapar som ei Duracell-kanin og ein symaskin fordi ho verkeleg frys og skjelv.

Det er ingen tvil om at utdraget handlar om ei jente som føler seg litt einsam, trist og usynleg blant familien hennar. Det har Trohaug fått frem ved bruk av blant anna overdriving, gjentaking og samanlikning

---

«Relansering av Sunfjord bestikk fra Helle,» er eit blogginnlegg frå 2019. Blogginnlegget er eit betalt samarbeid med Helle fabrikkar og er publisert på bloggen til ei jente som heter Marthe.

Ettersom at samarbeidet er publisert på ei blogg, vil eg gå ut frå at målgruppa er ungdommar og vaksne.

Hovudføremålet med blogginnlegget er å reklamere for relanseringa av det klassiske Sunfjord-bestikket som kom førre sommar, og alle funksjonane det allsidige bestikket har.

Det kan brukas til alt frå fest, onsdagsbrødskiva, som eit arvestykke, ein bryllaupsgåve og ikkje minst, som eit samleobjekt. Forfattaren har tydelegvis vurdert kairos godt.

Blogginnlegget er skrive 14. juni, og det er ofte mange bryllaup, konfirmasjonar og folk som flyttar på denne tida, og derfor kanskje treng nytt bestikk.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå