Innledning
Det har lenge vore diskusjon om at det burde komme prevensjon for menn og ikkje berre kvinner, men det har ikkje vore stor framgang i produksjonen av dette.
Korfor skal det vere at det berre finst prevensjon for kvinner når menn har like stort ansvar som kvinnene?
Utdrag
I eit studie som undersøkte p- sprøyte for menn i 2016, fortalte dei at denne p- sprøyta som var eit prevensjonsmiddel for menn var 96% sikkert, men på grunn av biverknadane som humørsvingingar, depresjon, muskelsmerter og kviser bestemte forskarane seg for at ikkje ta inn fleir testpersonar (Andersen, 2022).
Kvifor skal det ha seg at det berre er vi kvinner som skal stappe kroppen full av hormon og må takle alle biverknadane, kva rettferd er det? Det har blitt ei sjølvfølge at kvinner går på prevensjon, og nokre menn tenker ikkje over at samleie kan føre til uynskt graviditet.
Noko som skjer er at etter samleie spør ofte menn kvinna “går du på pilla?” som ein sjølvfølge at kvinna går på noko for å hindre uynskt graviditet (Andersen, 2022), dette viser kor viktig det er at menn også får det same ansvaret. Menn burde få dei same moglegheitene som vi kvinner har.
Legg igjen en kommentar