Innholdsfortegnelse
Kjeldeliste:

Utdrag
Blant unge i dag er eksamen ein svært stressande faktor. Koronapandemien har gjort at eksamen i den vidaregåande skulen har blitt avlyst fleire år på rad. 2004-kullet har gått ut av ungdomsskulen, og kome seg gjennom to år på vidaregåande, utan å ha gjennomført ein einaste eksamen.

Eg ser ingen grunn til at ein ikkje også kunne gjennomført det tredje året utan. Er det eigentleg nødvendig med eksamen i det heile?

Vurderingane ein har gjennom heile skuleåret er meir enn nok for å få ei god oversikt over kva karakter kvar enkelt elev bør ha i faget.

Eg er rimeleg sikker på at mange er einige med meg i at eksamen bør fjernast for godt. Det finst mangfaldige grunnar til at den eksamensordninga vi har i dag er utdatert. Er det på tide å tenkje at vi bør ende tradisjonen med eksamen?

For det første er eksamensordninga i den vidaregåande skulen dyr, tidskrevande og ikkje minst urettferdig.

Eksamen går ut på at du blir trekt opp i eit heilt tilfeldig fag og får ei heilt tilfeldig oppgåve. På nokre få timar skal du få fram all kunnskapen du har innanfor temaet, på best mogleg måte.

Enten så er du heldig å kjem opp i yndlingsfaget ditt, eller så har du maks uflaks å blir trekt opp i ditt svakaste fag.

Du kan også vere uheldig med oppgåva du får tildelt. Kanskje du var sjuk den perioden dokke hadde om temaet, som gjer at du har minimalt med kunnskap om dette.

Dette går på rein tilfeldighet, som gjer at resultata du får på ein eksamen eigentleg er fullstendig tilfeldige. Det eine talet du får på vitnemålet, er med på å avgjere snittet ditt.

Om du vart trekt opp i det faget du hata mest, blir denne karakteren sannsynlegvis med på å dra ned gjennomsnittskarakteren. Desse tilfeldighetane gjev eit svært urettferdig utgangspunkt.

Ein anna grunn til å tenkje at eksamen bør avlysast er at karakteren du får meir eller mindre blir basert på kvar enkelt si dagsform.

Resultatet du får på ein eksamen kan i mange tilfelle seie meir om dagsforma enn om kva eleven faktisk kan i faget.