Vatn i staden for vin?
Innledning
Reklamen «Isklar er det beste vannet til mat» er gitt ut av Isklar. Denne stod i VG sitt helgemagasin laurdag den 10.oktober 2018.
Det har alltid vore fokus på at til god mat skal ein ha god drikke, helst alkohol. Isklar produserer vatn, og ville nok i denne reklamen få fram at kaldt og friskt vatn passar like godt til maten som anna drikke.
Vi kan rekne med at målgruppa for denne reklamen er nordmenn flest, i alle fall dei som er i ein slik alder at dei les både aviser og vekeblad.
Utdrag
Reklamen er eit A4 ark som er delt i to like store delar. Den øvste delen er eit bilete av Ørjan Johannessen med overskrifta på reklamen og ei lita skrift under, og nedste delen inneheld ei underoverskrift, to illustrasjonar og tre brødtekstar.
Den nedste delen er delt inn i to deler igjen, ein større og ein litt mindre. Ved den minste til venstre ser vi eit bilete av ei blomkålsuppe med ein brødtekst under.
Den største delen inneheld overskrifta og brødtekst med ein illustrasjon av to isklarflasker i ulike fargar heilt til høgre. Under dette finn vi endå ein liten brødtekst med logoen til Isklar heilt til høgre.
Blikkfanget i reklamen er utan tvil det store biletet av kokken Ørjan Johannessen og overskrifta til reklamen «Isklar er det beste vannet til mat» med førenamnet til Ørjan rett under tittelen.
Deretter les nok dei fleste underoverskrifta i den nedste delen av reklamen «5000 år i breen – nå på bordet!», og bit seg merke i illustrasjonane av isklarflaskene.
Kombinasjonen av overskrifta, underoverskrifta og illustrasjonen av flaskene gjer at dei fleste skjønar at reklamen handlar om vatn.
Biletet av Ørjan Johannessen er teke i normalperspektiv og i eit halvnært utsnitt. Normalperspektivet gjer at vi møter blikket hans ganske raskt og ser at han verkar veldig seriøs.
Det halvnære utsnittet gjer også at vi ser ganske tydeleg at blikket hans er fokusert rett på lesaren av annonsen. Den øvste delen av reklamen består av mørke og avdempa fargar, i hovudsak svart.
Halve ansiktet til Johannessen er lyst, medan andre halvdelen er mørkt. Han har på seg ei kvit skjorte, og tittelen på reklamen og den lille skrifta er også i kvit.
Legg igjen en kommentar