Innledning
Den samansette teksten vart utforma av Vinmonopolet i samanheng med at veldig mange kjøper alkohol til mindreårige.

Vinmonopolet ønsket å framheve at kjøp av alkohol til mindreårige kan skape store konsekvensar. Reklamen er laga for alle som handlar på Vinmonopolet, men spesielt retta til foreldre.

Den vart publisert i 2014 i Dagbladet Magasinet. Reklamen var ein del av ein haldningskampanje, kor det blei laga tre plakatar i same samanheng.

Utdrag
Reklamens etos, altså truverde avsendaren har hos oss, visar seg tydlegast gjennom logoen til Vinmonopolet.

Alle nordmenn har ein viss relasjon med Vinmonopolet og det blir forventa at det Vinmonopolet seier er truverdig.

Dei seier og at «forsking viser at alkohol ungdom får heimanfrå berre kjem i tillegg til det dei likevel drikk på fest».

Men dei viser aldri til kva slags forsking dette er. Eg tenkjer det ikkje er nødvendig å visa fram til forskinga sidan Vinmonopolet er ei velkjend bedrift.

Med bruk av dei dystre fargane og stemninga i bilde så får dei det til å sjå veldig alvorleg og skikkeleg ut.

Tekstens logos, altså argumentas haldbarheit, ved at avsendaren er Vinmonopolet som dei fleste nordmenn har ein relasjon til.

Vinmonopolet skriv jo og at «forsking viser at alkohol ungdom får heimanfrå berre kjem i tillegg til det dei likevel drikk på fest».

Og sjølv om dei ikkje viser kor dei fekk forskinga frå så er det haldbart sidan det kjem frå Vinmonopolet.

Denne kampanjen til Vinmonopolet er jo litt spesiell fordi dei vil ikkje få ein «kjøp produktet mitt» effekt, men meir ei åtvaring.

Derfor reknar eg med at når dei åtvarar folk om å ikkje kjøpa alkohol at forskinga dei snakkar om er sant.

Viss dei hadde prøvd å promotert eit produkt og skrive noko om forsking, men ikkje kvar ho kjem frå, kunne eg vore meir kritisk.

Dei har og ein rettskriven tekst som også er med å gi eit inntrykk at dette er ein saklig kampanje.

Dei forklarer kvifor langing av alkohol til mindreårige er alvorleg og kvifor du ikkje må gjera det. Derfor meiner eg at logosapellen i reklamen er sterk.