Innledning
«Alexander’s blackout vart sponsa av mamma og pappa» er ein samansett tekst av bilete og tekst, noko som vi kan kalle for ein reklame.

Reklamens avsendar er vinmonopolet. Den vart laga av «Try reklamebyrå» i 2010. Den vart brukt i ein haldningskampanje.

Føremålet til reklamen er at foreldra, og rett og slett alle over 18 år skal unngå kjøp av alkohol til mindreårige, for barnas sikkerheit, og ikkje minst kjøparens ansvarlegheit. Selskapets målgruppe er alle over 18 år, fordi det er dei som får kjøpt alkohol lovleg.

Utdrag
Det er ein gutt i biletet, som går langs ein veg. Guten har på seg ein blå genser, svart bukse, og nogen joggesko.

Han har hendene i bukselommene. Ansiktet hans ser slite og lei ut. Guten er midtpunktet i biletet, og fanga sjåaranes blikkfang.

Alle fargane i biletet er generelt veldig diskree, roleg og behageleg å sjå på. Fargane er grøn, lilla/blå, svart og kvit.

Det er relativt lyst ute, noko eg forstår som at det er på veg til å bli morgon. Reklamen verka veldig truverdig sidan det er vinmonopolet som bruker den.

Dette forstår eg fordi logoen til vinmonopolet står nedst på biletet. Når seriøse merkevara står for noko, skaper det automatisk tillit.

Dette verkemiddelet kallar vi etos. Biletet av ein gut gåande åleine tidleg på morningen kan gje eit sterkt inntrykk.

Dette kan få sjåarane til å lettare få medkjensle, og forståing. Dette verkemiddelet kallar vi for patos.

Ved bruk av logos, kommer dei logiske sansane våre fram. Biletet gjer slik at den logiske sansen vår forstår at guten har hatt ein skummel natt, når det i tillegg står: «Alexanders blackout ble sponset av mamma og pappa» til høgre for guten.

Dette er ikkje noko positivt, og reklamen får oss til å forstå at dette ikkje burde støttes. Etos er også brukt i det skriftlege i reklamen.

Den verkar veldig truverdig, fordi dei refererer til kva forsking viser. Eit døme er: «Men forskning viser at alkohol ungdom får med hjemmefra, berre kommer i tillegg til det de drikker på fest».