Innledning
I denne teksten skal eg skrive om korleis den industrielle revolusjon voks fram i Svelgen og korleis dette påverka heile befolkninga.

Den industrielle revolusjon kom til Norge frå ca midten av 1800-talet til ca den første verdskrig.

Det som var så spesielt med den industrielle revolusjon var at vi gjekk frå å vere eit jordbrukssamfunn til å ha meir industri, vi fekk dampmaskinar, vi fekk maskinar som gjorde at tekstilindustrien blei kjappare.

Utdrag
Ein elv i svelgen, som var viktig for dei som budde der før den industrielle revolusjon starta, var Svelgselva. Denne elva gjekk året rundt, og de var få av desse elvane med slik vassdrag året rundt.

Det tok ganske lang tid før Svelgen fekk industrien på plass. Det som stoppa dette frå å skje var krisa etter den første verdskrig.

Bremanger Kraftselskap fekk ikkje nok inntekt fordi at Ålfoten selskap hadde fått all krafta levert til seg.

Dei gjekk rett og slett konkurs og banken kom å tok selskapet. Etter dette starta dei opp jernsmelting i Bremanger i 1928 og Spigerverket for ut av svelgen i 1933.

Før så fekk ikkje dei så masse av å drive med dette, men etter kvart som tida gjekk så blei det lønnsamt.

Allereie i 1936 var det 166 arbeidstakarar også blei jernverket og kraftselskapet overtatt i 1955 av Christiania Spigerverk.

Vassdraget var veldig viktig kjelde for Svelgen si første kraftutbygging fordi at fossane rann rett nedover og det var ganske enkelt å anvende vatnet.

I 1906 skjedde dei første kjøpa av vassdraget og kraftoppbygginga starta ikkje før på våren 1917. Dei første åra blei det såtte opp lagerhus, taubane og brakkar til anleggsplassane i fjellet.

Det blei bygd bru, vegar og bygdehus til familiar på øyna. Frå å med mai 1918 starta og første tunneldrivinga på kraftanlegget. Kraftselskapet var ferdig med utbygginga i 1921.

Elkem Bremanger Smelteverk som var ei industri i Bremanger blei starta som et jernverk.

Sida 1928 har det blitt rekna som ein hjørnesteinsbedrift (som kan vere avdelinga på større virksomheit som er plassert på mindre stader eller vere uavhengig av andre virksomheiter).