Innledning
Ungdomar hatar natur. Kvifor må mamma tvinge meg til å sitje i bilen i fire timar for å klatra på ein gigantisk stein med gras på, berre for å slite meg opp til toppen og komme at igjen?

For å så sova i eit telt og føla meg som ein holebuar og klatra på ein annan lavatom vulkan, som ser heilt lik ut dagen etter?

I mange år forstod eg ikkje kvifor menneske skal styre verda rundt for å byggje skyskraparar og utvikle robotar som er smartare enn oss, for å så ta seg helgeturar til falleferdige hytter utan straum.

Oss ungdomar vil liggje i senga og scrolle på elektroniske firkantar, kor folk på TikTok lagar vitsar om psykologane sine med deira banale løysingane på problem. Ein tur i skogen skal liksom kurera depresjonen min? Særleg.

Utdrag
I følgje NDLA.no kan å vere i naturen senke stress og gi ein følelse av velvære og meistring. De siterer professor Tove Fjeld sin påstand: Biologisk og fysiologisk er vi der vi var for 10 000år siden. Mennesket vil være ute i naturen, for mye inneliv påvirker oss negativt.

Det vil si at selv om den teknologiske utviklingen har gått fort så har ikke menneskets utvikling gått like fort. Vi har fremdeles et behov for å være ute i naturen.

Kjære Tove, vil dette seie at den negative påverkinga av å vere inne, gjer at vi ikkje orka å gå ut, når å gå ut er medisinen?

Ikkje rart mentale problem er meir populære enn Pokemon go var i 2016. Ofte når eg føler meg utsliten, tenkjer eg at å gå ut av huset er det siste eg vil gjere, men om eg faktisk reiser meg og gjer det, får eg plutseleg meir energi.

Det gjeld ofte dagar kor eg ikkje har gjort noko for å vere så sliten eingong, berre har vorre inne i minimal aktivitet.

Så å slappe av innestengd i hus vil ikkje nødvendigvis resultere i å føle seg avslappa. Spesielt ikkje om ein «slappar av» så mykje at ein må slappe av meir av sjølve avslappinga.

Detter er ein vond sirkel alt for mange hamnar i, inkludert meg sjølv. Rousseau var altså inne på noko, vi blir lenkja fast. Vitskapen, hans fiende, er no einig i filosofiane hans, og det er eg og.