Innholdsfortegnelse
Forhindrar Skulk
Fråværsgrensa Er for Streng
Personlege Grunnar
Konklusjon
Litteraturliste:

Utdrag
I hausten 2016 vart fråværsgrensa innført i norsk vidaregåande skule (Utdanningsforbundet, 2021). Han går ut på at om ein elev er borte meir enn ti prosent i eit fag, så får den ikkje standpunktkarakteren i det faget.

Han blei innført fordi utdanningsforbundet ville minska fråvær og at elevar ikkje skal droppa ut av skulen. Det finst ei rekke unntak frå fråværsregelen, og rektoren må sjølv avgjera om fråværsårsaka gjer det urimeleg eller ikkje å få standpunktkarakter.

Standpunktet for fråværsregelen kjem frå ein lang og grundig prosess innanfor organisasjonen. Forslaget kom frå lærarar og skuleleiarar, og utdanningsforbundet tok det til seg fordi dei stolte på erfaringane til desse. Fungerer fråværsregelen som den skal, eller gjer den skulegangen verre for mange elevar?

Forhindrar skulk
Fråværsgrensa gjer at fleire elevar kjem på skulen.

Det er ikkje veldig freistande å måtta ta eit fag om igjen, så dei fleste elevar tar fråværsregelen seriøst. Fråværsgrensa har vore i vidaregåande skule i fem år, og statistikken viser at det er 27 prosent mindre fråvær på skulen (Aftenposten, 2021).

Dokumentert fråvær, altså fråvær av helsegrunnar eller andre gyldige grunnar, blir ikkje talde på fråværsprosenten, så det er berre udokumentert fråvær som gjeld. Det vil seia at om du skulkar eller forsøv deg så får du ugyldig fråvær.

Fråværsgrensa er for streng
Mange menneske meiner fråværsregelen er for streng.

Ti prosent i visse fag er veldig lite, og det er veldig lett for ein elev å nå det utan nokon intensjon om å gå glipp av undervisninga.

Ein dobbelttime med gym på studiespesialisering blir tald som over fem prosent, så om du forsøv deg to gångar til gymtimen får du ikkje standpunkt.

Det er veldig strengt, og mange uheldige elevar må gå skuleåret om igjen på grunn av slike saker. Statistikken viser at fråværet har gått ned, men det har vorte meir fråfall frå skulen på grunn av fråværsgrensa (Sosialistisk Venstreparti, 2021).

Nokre meiner også at fråværsgrensa burde vore høgare enn ti prosent, eller at han ikkje burde gjella i visse fag.