Innledning
I hausten 2016 vart fråværsgrensa innført i norsk vidaregåande skule (Utdanningsforbundet, 2021). Han går ut på at om ein elev er borte meir enn ti prosent i eit fag, så får den ikkje standpunktkarakteren i det faget.
Han blei innført fordi utdanningsforbundet ville minska fråvær og at elevar ikkje skal droppa ut av skulen. Det finst ei rekke unntak frå fråværsregelen, og rektoren må sjølv avgjera om fråværsårsaka gjer det urimeleg eller ikkje å få standpunktkarakter.
Innholdsfortegnelse
Forhindrar skulk
Fråværsgrensa er for streng
Personlege grunnar
Konklusjon
Litteraturliste:
Utdrag
Fråværsgrensa er for streng
Mange menneske meiner fråværsregelen er for streng. Ti prosent i visse fag er veldig lite, og det er veldig lett for ein elev å nå det utan nokon intensjon om å gå glipp av undervisninga.
Ein dobbelttime med gym på studiespesialisering blir tald som over fem prosent, så om du forsøv deg to gångar til gymtimen får du ikkje standpunkt. Det er veldig strengt, og mange uheldige elevar må gå skuleåret om igjen på grunn av slike saker.
Statistikken viser at fråværet har gått ned, men det har vorte meir fråfall frå skulen på grunn av fråværsgrensa (Sosialistisk Venstreparti, 2021).
Nokre meiner også at fråværsgrensa burde vore høgare enn ti prosent, eller at han ikkje burde gjella i visse fag.
Det går greitt i dei faga ein har mest på skulen, men dei ein ikkje har så mykje av burde kanskje ha visse unntak eller vore fråtatt fråværsgrensa.
Personlege grunnar
Nokre folk synest det er vanskeleg å komma på skulen på grunn av personlege grunnar.
Det kan vera fordi dei blir mobba, ikkje liker miljøet eller er deprimerte. Slike personlege grunnar er ikkje gyldige fråvær, men det er framleis noko dei utsette ikkje berre kan unngå.
Dei har lyst til å komma på skulen og læra, men det er ikkje berre læring som skjer på vidaregåande skular.
Folk ser på deg i gangen, folk kan le av deg og mange synest det er veldig vanskeleg. Det er stort press på skulen med det sosiale.
Om du ikkje kler deg fint, har stygt hår, snakkar rart eller er «rar» på grunn av andre sosiale grunnar, kan du fort bli sett på som taper og bli mobba.
Legg igjen en kommentar