Førestillinga om det norske: eit evigvarande stykke i talluse akter

Innledning
Nordmenn, svenskar, amerikanarar og andre verdsborgarar som nokon sinne har høyrd om Noreg, har nok òg i ein eller anna grad ei førestilling om kva det å vere norsk eigentleg betyr.

Tilbaketrekt, rik, og kanskje også kald er ord som blir brukt for å skjere oss alle over same kam, men kor kjem desse skildringane frå? Korleis kan det ha seg slik at nokon frå California og Slovakia kan ha den same førestillinga om kva det betyr å vere norsk? Kven har regissert denne verdsfemnande førestillinga? Og korleis endrar førestillinga seg over tid?

Utdrag
På 1800-talet, då nasjonalromantikken herja som verst her til lands, var førestillinga om det norske malt delvis i rosenraudt. Med ein ny grunnlov og iver for ein endring i samfunnet gjennom kampen for eit eiga språk, kjente nordmenn flest på ein stoltheit for deira norsk identitet.

Den glorifiserte bonden, blant anna skildra i Maurits Hansens brevnovelle «Luren» frå 1819 med replikkar som «[Bonden] var en høy, bredskuldret mann med et merkelig ansikt, der, jeg vet ikke hvorledes, forekom meg å ligne de antikke tresnitt av våre norske konger», blei sjølve grunnmuren for erke-nordmannen Ola Nordmann som til den dag i dag blir brukt som eit eksempel på den gjennomsnittlege nordmannen.

Med andre ord er bonden i «Luren» nokon vi framleis kjenner oss igjen i som nordmenn trass i dei to hundre åra vi har hatt på å redefinere kva det betyr å vere norsk.

Kanskje er denne førestillinga om bonden som norsk så sterk nettopp fordi nasjonalkjensla som skapa den var desto sterkare? For sterk var den, såpass at kjærleiken for Noreg gjennomsyra litteraturen og «Luren» med naturromantiske erklæringar som «Denne egn forekommer meg å stå ved siden av det skjønneste sveitslandskap» og «Bekkenes rislen, fuglenes sang og de gressende kyrs klokker lød harmonisk i mitt åpne øre.»

Dette er eksemplar på skildringar som framleis er å sjå i reklamar for Noreg over heile verda, sjølv om dei ikkje er å finne like ofte som før.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter