Innledning
Revolusjon, kanskje den største politiske omveltinga av dei alle. I 1848 var store delar av Europa prega av den såkalla Februarrevolusjonen.

I Frankrike, Tyskland, Italia og Austerrike stod dei revolusjonære kreftene særleg sterkt. Av alle land i heile Europa var det berre Russland som forblei heilt upåverka av revolusjonen.

Likevel blir februarrevolusjonen omtalt som «revolusjonen som vart vekk ». Korleis kan ein revolusjon som prega bortimot heile Europa bli «vekke»? Var revolusjonen totalt mislukka og innsatsen forgjeves?

Utdrag
Opplysningstidsideane har helde fram å prege samfunnet også i perioden etter februarrevolusjonen. Bortimot alle moderne demokrati har folkesuverenitet, maktfordeling og ytringsfridom blant sine grunnpilarar.

Utan politisk engasjement er demokratiet nyttelaust. Februarrevolusjonen førte til at fleire fekk ta del i politikken.

På denne tida var det hovudsakleg folk med utdanning og høg status som fekk ta del i folkeforsamlingane rundt om i Europa.

Likevel er det rimeleg å tenkje at folk vart meir interesserte og engasjerte i politikken når dei forstod at dei kunne vere med på å skape ei endring for det betre.

Trua på at ein kan vere med å påverke både sitt eige liv, men også å skape eit betre liv for andre har vore viktig for det politiske engasjementet i befolkninga.

Hadde det ikkje vore for at fattige bønder, filosofar og nytenkjarar generasjon etter generasjon tok opp kampen mot det etablerte er det umogleg å seie korleis samfunnet hadde sett ut.

Februarrevolusjonen blir av mange omtalt som ein mislukka revolusjon, men korleis kan ein eigentleg definere ein revolusjon som vellukka?

Omgrepet revolusjon er definert som ein grunnleggjande endringsprosess som går føre seg over ein kort tidsperiode .

Vi kan byrje med å ta for oss påstanden om at ein revolusjon er vellukka, dersom han fører til eit meir demokratisk styresett.

Kva styresett som blir innført etter ein «vellukka» revolusjon er i stor grad påverka av dei revolusjonære leiarane som greier å karre til seg makta.

Hadde marxistar kome til makta ville dei nok ha innført eit ganske ulikt styresett enn om konservative krefter hadde kome til makta. Ein annan vanleg påstand er at folk flest må få det betre etter ein revolusjon.