Innledning
Doppler av forfattaren Erlend Loe, er ein roman som ble utgitt i 2004.
I eit utdrag frå boka får vi innblikk i hovudpersonens tankar om korleis han har levd livet sitt.
Tekstutdraget er skrevet med 1.persons synsvinkel, og temaet er å vere flink.
Innholdsfortegnelse
Del A Kortsvarsoppgåve
Det ironiske med å være flink
Del B Langsvarsoppgåve
Oppgåve 1
Retorikkens makt til å overtale
Utdrag
Annonsens topos omfattar avsendarens og mottakarens felles frykt for dataangrep og terror.
Det første bildet i annonsen representerer trusselen vi står overfor.
Og det retoriske spørsmålet ”Hvem ville trodd at noen en dag kunne angripe Norge fra et skrivebord flere tusen kilometer unna?” treffer mottakaren som ein pil i brystet.
Spørsmålet stillast slik for å framheva det surrealistiske ved realiteten, i tillegg til å påpeke at heller ikkje forsvaret hadde føresett denne trusselen.
Det framhevast derfor at både forfattaren og målgruppa for annonsen deler ståsted i samanheng med problemet.
Patos-appellen i denne annonsen er veldig sterk. Det første bildet appellerer til frykt.
Mørke fargar, eit uryddig skrivebord og uforståelege krypteringar på to dataskjermar gir ein kjensle av noko uønskt.
”Truslene innenfor cyberområdet utvikler seg hurtig og truer samfunnet vårt”.
Samspelet mellom tekst og bilde er sentralt fordi teksten underbyggjar kjenslene mottakaren får når han ser på bilda.
I tillegg brukar forfattaren ord som ”vårt”, ”oss” og ”vi”. Desse orda appellerer til fellesskapskjensler.
Fordi avsendaren ønskjer å skape ein handling hos mottakaren, er det hensiktsmessing med ein sterk patos.
Annonsen inneheld saklege argument som appellerer til fornufta til mottakaren. ”Organiserte celler rundt om i verden angriper daglig både Forsvaret datasystemer og datasystemer somstyrer viktig infrastruktur som transport, strøm og vann.”
Dette er ein påstand basert på statistikk og fakta, og den refererer til hendingar som har angått Forsvaret direkte. I samanheng med den trusselen som presenterast i gjennom hele annonsen gir denne påstanden kjøtt på bein.
Mottakaren får bevist at faren er reell. På den andre sida kan påstandar som ”Truslene innefor cyberområdet utvikler seg hurtig og truer samfunnet vårt i bredeste forstand” vere vanskelig å finne belegg for.
Dette er ein påstand som påpeker noko om framtida, og på tross av at ein ikkje kan spå framtida verkar påstanden sannsynlig ut frå den informasjonen vi allereie har, og ut frå den fagtyngja Forsvaret sit på.
Legg igjen en kommentar