Innholdsfortegnelse
Oppåve 1
Bibliografi

Utdrag
I denne oppgåva skal eg tolka og samanlikna dikta «Det første Haandtryk» skrive av Henrik Wergeland og «Ved sundet» av Johan Sebastian Welhavens.

Begge dikta tar plass i romantikken. Diktet «Det første Haandtryk» er eit typisk romantisk dikt og er ein del av venstre-romantikken.

Det omhandlar ein mann som tar ei kvinne i handa for første gong, og forelskar seg umiddelbart. Mannen var i stand til å føle pulsen til den ukjente kvinna mot sin eigen då hendene deira møttes.

Han kjente at blodet strøymde kraftig i åra hans som var eit teikn på at ho var den rette. I dette momentet tok han ei avgjerd for seg sjølv der han ønsket å gifta seg med henne.

Verkemidla som har vorte brukte for å fremma kjenslene i diktet er mellom anna overdrivelse, besjeling og metafor som gir eit språkleg bilde.

I strofe 2 og 4, vers 1-2 ser vi eit døme på desse verkemidla «Hvor mildt din bløde Aare slog! Men min i høje Bølger jog.» og «Mit Blod har siden da ei hvilt, men stormende i Aaren ilt.».

Realistisk sett så er det lite sannsynleg at blodet har store bevegelsar i kroppen, og det er vanleg at pulsen etter tid roar seg ned.

Her overdriv Welhaven i tillegg til at besjeling og metafor blir brukt for at kjenslene skal komme tydeleg fram.

Tematikken i diktet er openberra kjærleik då dei typiske kjenneteikna som forelskelse og skildringane rundt det er sentralt i diktet.

Lesarane får sjå og oppleva alt gjennom mannen i diktet då han presenterer sine eigne kjensler og tankar.