Innledning
Kronikken «Alt går til helvete» av Johan B. Mjønes vart publisert i 2018. Hovudsynspunktet i kronikken er å peike på dobbeltmoralen knytt til utfordringane kring klimakrisa.

Og at det ikkje er nok å berre delta i diskusjonar, men at kvar enkelt må gjere noko sjølv. Målgruppa er alle som gjer bestemte val i livet.

Utdrag
«Mine venner lager for mye mat til middag. Og glemmer restene. Det er ikke godt dagen etter.» (Mjønes, 2018, s.322) Det å lage for mykje mat til middag å la restane stå i kjøleskapet fleire dagar etter vil lesaren kjenne seg igjen i.

Måten Mjønes formulere seg på vil vekke kjensler som blant anna skam og skuld hos lesaren. Dei negative orda i dei allmenne sanningane vil også vekke desse kjenslene.

Det er ikkje berre negative kjensler som kan komme fram hos lesaren. Lesaren kan og oppleve å bli engasjert og få lyst til å gjere noko med problemet.

Dei allmenne sanningane kan ha tatt for seg problemstillingar som lesaren ikkje har vore klar over, og kan skape ei endring i handlingane og tankegangen til mottakaren.

Komposisjonen i kronikken skaper også patosappell. Kronikken er skriven i munnleg stil, noko som gjer det enklare for lesaren å forstå. Den er oppdelt i korte avsnitt med utheva underoverskrifter som spissformulerer hovudsynet.

«Mine venner flyr, og beklager seg over at de må fly» (Mjønes, 2018, s.321). Setningane er korte, presise og direkte, noko som gjer det lett for lesaren å forstå og Mjønes får tydeleg fram poenget sitt.

Forfattaren gir teksten patosappell ved å spele på sarkasme. Dette ser vi gjennom heile teksten. «Se, jeg har skrevet en samfunnskritisk tekst! Co2-regneskapet er reddet!» (Mjønes, 2018, s.323).

Det er dei direkte setningane som får fram sarkasmen. Teksten appellerer også til patos ved bruken av visuelle verkemiddel. På starten av teksten er det eit bilete av ein jordklode som smeltar vekk.

Det vil fange merksemda til mottakaren og gi dei eit inntrykk av kva teksten kjem til å handle om. Bilete understrekar også poenget til Mjønes.

Mjønes appellerer vidare også til logos, men ikkje i like stor grad som dei andre appellformene, patos og etos.