Innledning
Save the seasons er ein annonse publisert av Bergans i samarbeid med WWF Verdens naturfond. Annonsen blei publisert i Aftenposten 23.01.2020.

Føremålet med annonsen er å få årstidene inn på UNESCOs verdsarvliste, ei liste som har som føremål å beskytte stadar og ting som er viktige for menneske mot klimaendring også vidare.

Blikkfanget i annonsen er eit stort fjell dekt av snø. Det er altså tydeleg at biletet er tatt på vinteren. I tillegg kan ein sjå at det var ei ganske mørk og litt trist stemning, noko som kjem frem blant anna på grunn av at det var overskya, og at det mest sannsynleg er blitt lagt på eit filter som tonar ned fargane litt.

Den viktigaste teksten, kor det meste av informasjonen ligg, står på venstre side av annonsen, i ein blå boks.

Denne teksten er bevisst gjort liten og skal ikkje vere nokon form for blikkfang i annonsen, men ein tekst ein les dersom ein har blitt interessert etter å ha sett blikkfanget, som er biletet i annonsen.

Midt på høgre side ligg ein stor tekst kor det står Save the seasons. Dette er tittelen på annonsen og gir eit innblikk i kva annonsen handlar om med få ord.

Under der igjen står det kven som har tatt initiativ til handlinga og kven som er med på samarbeidet, altså Bergans og WWF Verdens naturfond.

Utdrag
Det er også brukt etos i annonsen, for å passe på at mottakaren veit kven som driv med arbeidet, og kven dei hjelper om dei skriv under på oppropet deira.

Fyst og fremst så ser eg at dei har skrive at det er eit initiativ frå Bergans, noko som står i liten skrift under tittelen på annonsen.

Bergans er jo eit veldig kjent merke her i Noreg, men dei er jo ikkje så veldig kjent for akkurat slikt arbeid som dette.

Difor har dei samarbeidet med WWF Verdens naturfond for å drive dette velgjerdsarbeidet for å ta vare på naturen. WWF er ein organisasjon som er vanleg å sjå i samanheng med slikt arbeid, og nesten alle veit kven dei er.