Vinter eller Vår? | Analyse | Tove Ditlevsen

Innledning
Novella ”Vår” er skrive av Tove Ditlevsen og vart utgitt i novellesamlinga Den fulde frihed i 1944. Denne samlinga er ei av fleire av Ditlevsen som vert skildra som ”følsomt psykologiske fortellinger”, som er prega av ”varsom forståelse og bittert kjennskap til hverdagens konflikter og problemer” (snl.no, 2019).

Denne skildringa stemmer også godt for novella ”Vår”, som tematisk tek for seg indre konfliktar i møte med kjærleik og menneskelege relasjonar. Eg vil no tolke denne novella.

Den ytre handlinga i novella er avgrensa. Ho handlar om ”han” og ”hun”, og tek til ved at han sit på den faste kafeen deira og ser at ho kjem. Inne kler ho av seg, og ho ler og snakkar, men ser ikkje på han.

Når han sprø om ho er forelska, stadfestar ho dette, før ho tek han i handa og går. Det er den indre handlinga som utspelar seg mellom desse personane som er i fokus.

Sjølv om alt verkar tilsynelatande normalt, merkar han allereie før ho kjem, at noko er endra, og dette gjer han urolig. Han får stadfesta at noko er annleis, ved at ho ikkje sette seg ved sida av han, og han kan merke at ho er forelska.

Utdrag
Skildringane av dama, derimot, er meir refererande: ”Hun sa: Har du lagt merke til at det er begynt å bli vår?” I tillegg er desse skildringane prega av hans observasjonar av henne: ”Han så at hun var svært nervøs og svært lykkelig.”

Dette gjer at novella er prega av ei viss uvisse rundt informasjonen ein får av kvinna. Nyttar ein sekvensen ”Hun ville si noe trøstende, noe om å være venner tross alt, men han så ikke på henne lenger, og han tok ikke hånden hennes” som døme, kan ein på den eine sida forstå dette som hennar tankar.

Dersom ein heller oppfattar novella som skriven frå perspektivet til mannen, kan ein forstå dette som det han trur ho tenker. I så fall får novella eit preg av å ha ein nærmast personal synsvinkel, til tross for at karakterane blir omtala i tredje person.

Ein slik tvitydig synsvinkel har som funksjon at novella kan tolkast på ulike måtar. Med ein meir personal synsvinkel, kan ein forstå handlinga som at dama forlèt mannen, medan ein autoral synsvinkel opnar for høvet om at tankane om at ho er forelska i ein annan stammar frå han.

I så fall fortel den ytre handlinga berre at ho innrømmer å vere forelska. Kanskje innrømmer ho at ho er forelska i han? Eg har likevel valt å tolke novella som mannen sine reaksjonar på at dama innrømmer å vere forelska i ein annan.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå