Victoria av Knut Hamsun – Person- og miljøskildring

Innledning
I denne teksta skal eg sjå på personskildringa og miljøbeskrivinga i utdraget frå «Victoria» av Knut Hamsun (1898). Boka er frå nyromantikken, som kom til Noreg i ca. 1890 og varte til ca. 1905. Litteraturen frå denne perioden var ein reaksjon på realismen og naturalismens skrivemåte.

Utdrag
Beskrivinga av naturen som idyllisk prega nyromantikken. I motsetning til naturen vart byen ofte skildra som framand. Angst og negativitet ser vi i samanheng med beskrivinga av bylivet. Grunnen til dette var industrialiseringa, fordi det var ei stor omvelting for mange å flytte frå landet til byen.

I nyromantikken vart miljøet ofte brukt til å symbolisere korleis personane eigentlig hadde det. I utdraget frå «Victoria» av Knut Hamsun kan vi sjå fleir av desse kjenneteikna. Handlinga er lagt til landet, og den utspeler seg mellom ein ung mann frå ein møllerfamilie og ei ung kvinne frå ein rik familie.

Naturen vart skildra romantisk. «Fuglene drev med en vill og lidenskapelig musikk, lokket, søkte hverandre» På dette tidspunktet har Johannes nettopp komme heim frå byen. Framandkjensle var ei vanleg kjensle i nyromantisk litteratur.

Tidlegere kjente han alle fuglane og trea på landet, men når kan no kom heim hadde dei blitt framand. Dei kjente han ikkje igjen. «Så har De vært for lenge borte, vepsene kjenner Dem ikkje igjen» Å skildre naturen på ein måte som reflekterer slik hovudpersonen følte seg var vanleg i nyromantikken. Denne metoden kan vi sjå at er brukt i teksta.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter