Ulven med lua | Essay | 5 i karakter

Innledning
– Det var her vi spelte alle kampane våre, seier eg og peiker utover den gjengrodde sletta. Klubbhuset flassar maling, og vindauga er spikra igjen. Corner-flagget er knekt, og måla har ikkje takla vinterstormane.

Alt er pakka ned, pakka vekk som gamle minner i ei skoeske. Helle klemmer handa mi litt ekstra og spør: – Var du god, da?

– Mmm, svarer eg. God og litt for sint, seier eg skeivt. Alt er som i tåke, alle kampane, alle løpa mine opp og ned langs den nykrita grusbanen, som no ser ut som ein grøftekant, alle ropa, alle jentene, alle foreldra, alt er som i ein fjern draum.

– Det var dette som betydde noko. Ingenting har betydd så mykje nokon gong som dette, seier eg og tar inn heile idrettsbanen, snusar inn lukta av alt som har vore ein gong.

Utdrag
Kort frå Cecilie til Kristin, lang frå Kristin til Heidi, Heidi langs høgrekanten, den breie ryggen skyt fart langs linja, det svarte håret med krøllane står ut som på mor til Jason

gutungen i boka, som Gudrun sitt hår står det ut, Heidi med nummer elleve på ryggen fyk oppetter langsida, mødrene som roper heia! Heia!

Og hoppar opp og ned på Bjørneberget med ettermiddagskaffien skvulpande mellom hendene, Heidi driblar av både ein og to, slår tunnel utan å smile, berre fossar framover, legg ballen klar til innlegg, løftar blikket, ser seg om:

Hrönn på første stolpe, Caroline i midten framme, Cecilie i bakrommet, og Trude jagar backane sine ut: «UT!» brøler ho, «få ræva i gir, Line!» hyler ho til venstrebacken og viftar med armane som ei gås

«ja, se tel å kom dæ framover, parkér dæm offside», brummar brannmannen som er far til backen og har bytt dagvakt mot nattvakt for å få sjå kampen;

Heidi er nede ved hjørneflagget, på veg innover, ser etter nokon å slå til, Caroline i midten, Hrönn på første: «Vri!» brøler eg og kjem flygande frå venstre og inn mot bakre, «med!» gaular eg på veg innover.

Skyt fart, auga opne, ballen i ein høg boge som går over fremre, over midten, ballen kjem rett mot Ulven med lua.

Eg veit at det er no det gjeld, at det ikkje er lov til å vere så sær utanfor banen om ein ikkje leverer på. Tar sats, hoppar riktig, den lette kroppen med fjorten vintrar i seg flyg oppover

høgt over høgrebacken, sweeperen, keeperen, skyt fart som eit F-16-fly, svever som ein kondor klar til å ta bytte, mor mi som ropar: «Nikk, Helena, nikk!», resten av Bjørneberget som taktfast skrik:

«Ulven, Ulven», den raude akrylen som sveitt klistrar seg til panna, klistrar seg og dunkar til ballen: dundrar over keeperen, inn i nettaket. Eg kastar meg på kne, armane i vêret

eg brøler og brøler ulvebrølet mitt, kjenner grusen skrape seg veg gjennom ulla og inn til knea med gamle skrubbsår, kjenner småstein og skitt renne sveitt nedover panna

kjenner småstein og størkna blodskorpe gnage mot kvarandre og gjer gamle arr til nye, reiser meg opp, ropar: «Yess!» og gjer slik med armen som dei gjer på tv:

knyter neven og dreg den fort og bestemt inn til kroppen: «Yess!». Eg tar imot jubelen, det sprenger på inne i kroppen: Ulven er farleg, og inne i denne oppkrita firkanten har Ulven lov til å jage.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå