Ulven med lua | Analyse

Innledning
I denne teksten skal eg analysera novella “Ulven med lua” som er skriven av Ragnfrid Trohaug. Han er henta frå novellesamlinga Kampklar som var utgiven i 2014.

I novella møter vi Helena og kjærasten hennar, Helle. Helena tek med Helle på gamle trakter for å visa henne kvar ho heldt til i den viktigaste tida i livet sitt -nemleg fotballbanen der ho spelte alle kampane sine. I store delar av novella vert lesaren teken med tilbake til denne viktige tida i livet hennar gjennom detaljerte skildringar av den “siste kampen”.

Utdrag
Motivet i teksten eller det konkrete innhaldet er fotballkampen som spiltes av Helena og dei korte samtalane mellom ho og Helle i det gamle klubbhuset.

Gjennom Helena sine auge vert vi tatt med tilbake til ein mai- dag.

Det nærmar seg tid for kamp og avspark og både medspelarar og mødrene deira blir skildra før kampstart. “Ulven” som dei andre kallar henne, varmar opp for seg sjølve - dei veit at det er det tryggaste.

Fotballkampen vert skildra slik Helena opplev den ytre sett, men me får og heile tida ta del i hennar indre monolog som går føre seg ustanseleg under heile kampen. Me får ta del i det sinnet som byggjer seg opp i henne og som gjer at ho med rette ber kallenamnet sitt “Ulven”. Avslutninga går òg føre seg i klubbhuset i dette idrettsanlegget, med Helle og Helena.

Novella startar in medias res. “Det var her vi spelte alle kampane våre, siger eg og peiker utover den gjengrodde sletta” Etterkvart gjer novella oss eit tilbakeblikk kor Helena fortel om «den siste kampen». Dette er bruk av retrospektiv komposisjon.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter