Innholdsfortegnelse
Sommerfuggel I Vinterland
Forandringa

Utdrag
Noreg er delt inn i fleire landsdeler, der det er ulike dialekter og morsmål. Menneske snakkar og skriv forskjellig. Dette ser ein blant anna som ein klasse.

Nokon kjem frå vestlandet, nokon frå Nord-Noreg, mens andre kjem frå austlandet og talar eksotisk austlandsmål. Så når ein snakkar bruker nokon «eg», nokon «æ», og andre «jeg».

Nokon har ei mor som talar dialekt og har difor dette som sitt morsmål, og brukar «æ». Orda er forskjellige frå stad til stad, og det er også bøyinga av dei.

I utdraget frå visa «Sommerfuggel i vinterland» ser ein at språket er annleis på dialekt, enn på nynorsk og bokmål og omvendt, men innhaldet er fortsatt det same.

Det er til dømes eit ord som er ulikt i alle utdraga, og det er «eg». På bokmål brukar ein «jeg», men på dialekt bruker ein «æ».

I den personlege pronomen er det fleire ord som er forskjellige. På dialekt og nynorsk brukar ein «ho», men på bokmål vert det tatt i bruk «hun».

Som ein ser kan ein ta i bruk ordet «ho» sjølv om ein skakkar austlandsk, og det kann ein til dømes sjå i klassen vår.

I resten av visa er det alltid to av tekstene som brukar same ord. «Da byen låg kald å stor», «Da byen lå kald å stor» og «Da byen lå kald og stor».

Her ser ein at den nynorske versjonen brukar låg, mens dei to andre brukar ordet «lå». Så sjølv om ein har ulikt «språk» er det stadig mange ord som er like og som bøyes likt.

Setningsoppbygginga er også ulik i dei tre utdraga. På nynorsk brukar ein ikkje genitiv-s. Ein kan bruke det, men det er berre i unntak.

Derimot har hovudmål og dialekt genitiv-s. På hovudmål er setninga «Og du gikk å bar på hennes drøm», men på nynorsk er setninga «Og du gjekk og bar på draumen hennar».

Her står orda «draumen» og «hennar» annleis oppstilt enn det dei gjer på hovudmål, og det er fordi det ikkje skal stå «hennes».

Plasseringa av eigedomspronomen skal stå etter substantivet på nynorsk. Så det vert «draumen hennar» og ikkje «hennar draum».

Som ein ser er det ulike språklige skilnader i dei tre utdraga, men handlinga er fortsatt den same sjølv om setninga er byggje opp ulikt.