Innledning
Målet til den samansette teksten er å få mottakaren til å sjå etter svanemerket når han/ho handlar i butikken.
Svanemerket skal vera meir miljøvennleg, og kjøparen vel då eit berekraftig alternativ. Kampanjen sin patosappell er sterk. I verbalteksten er det mykje skjult argumentasjon.
Pronomen som «vi» og «du» er inkluderte i teksten, noko som får lesaren til å føle seg inkludert.
Vidare er det fleire negativt og positivt ladde ord som til dømes «kampen», «eviggrønne» og «giftfritt» som er med på å påverke og skape kjensler hos mottakaren.
Det sterke visuelle verkemiddelet i den samansette teksten er nytta som blikkfanget, ettersom det fangar det merksemda til lesaren. Det sterke biletet av skogbrannen skapar fleire assosiasjonar.
Mottakaren får eit inntrykk av at dette er konsekvensane av å ikkje tenke berekraftig, og at ein bør difor kjøpe svanemerka produkt for å hindre at slike naturkatastrofar skal skje.
Vidare er kontrasten mellom dei røyklagte og brente trea kontra dei grøne buskane i logoen til svanemerket er med på å påverka lesaren.
Teksten på biletet er ryddig, og namnet på kampanjen er trykt med store kvite bokstavar «redd verden, litt hver dag», som er kort og fengande.
Utdrag
Til å begynne med er forholdet mellom Erlend og Kristin noko det mest intime ein kjem i eit forhold.
Kristin har gitt jomfrudommen sin til Erlend, som på den tida var ganske stort ettersom kristendommen råa sterkt i Noreg, og difor var det ei synd å miste jomfrudommen før ekteskapet, og på samfunnsnivå moralsk feil.
Det er tydelig at Erlend og Kristin elskar kvarandre og at kjærleiken mellom dei er stor. I teksten seier Erlend: «Jeg får friste å la deg være, Kristin, - ikke sette din lykke på spill slik.
Hvis du vil-». Det innebere at Erlend kan gi slepp på Kristin om det er til det beste for ho. Han prioriterer med andre ord hennar lykke over hans eigen.
Forholdet deira har nok òg blitt sett på prøve fleire gonger og fått fleire utfordringar, likevel held dei i lag. Dei har begge gitt opp mykje for å vera saman, blant anna ære og rykte. I teksten står det at Kristin seier:
«Og bare jeg kan bli forlikt og få fred til slutt med slekten min og med Gud, så skal jeg ikke sørge om jeg må gifte meg under skautet».
Legg igjen en kommentar