Innledning
Det å ha god helse er noko som dei fleste menneske verdset høgt. God helse vil ikkje berre seie at ein har fråvær av sjukdom, men at ein meistrar livets og kvardagens utfordringar. Kva som inneber god helse for meg kan vere forskjellig frå det du forbinder med god helse.
Utdrag
Eigentreningsperioden gjekk greitt. Eg kjente litt framgang i ein del øvingar, men framgangen var ikkje særleg stor.
Mykje av framgangen min låg i at eg vart meir vand med øvingane og fekk til teknikken betre. Grunnen til at eg ikkje merka særleg stor framgang i eigentreningsperidoen kan ha vore fordi eg var ein del sjuk.
Eg fekk både korona og så var eg ein del sliten etter kyssesjuka. Dette gjorde både at gjennomføringa av øktene ikkje vart ideell, og at eg ikkje fekk trena så mykje som ønska utanom eigentreningsøktene.
Eg lærte ikkje veldig mykje under eigentreningsperioden. Eg har trena mykje tidlegare og eg interesserer meg for styrketrening og trening generelt, noko som gjer at eg har mykje kunnskap om emnet.
Den eigentreninga eg har gjort no i denne perioden vil ikkje berre gi meg effektar på kort sikt, men også på lang sikt. Det viktigaste med eigentreningsperioden er, i mine auge, likevel den vanen med å trene.
Legg igjen en kommentar