Innledning
Nokre sentrale trekk ved naturalismen er det at fattigdom, alkoholisme og sjukdom blir framstilt som eit resultat av arv og miljø, kor barn opplever ringverknader av tidlegare generasjonar, slik vi ser i utdraget frå boka To venner i romanserien Hellemyrsfolket.

Her les ein om Oline, eller «Småfylla», og barnebarnet Sivert. Ein ser naturalistiske trekk gjennom heile teksten, spesielt personskildringa av Oline, då nasen hennar blir framstilt som ein raud og svullen klump, og lesaren ser kor full ho er.

Oline blir skildra veldig objektivt og detaljert, og ein blir nesten fråstøytt av nokre av handlingane hennar, slik som då ho «[…]strøk svettedråpene av nesen med et grep av tommel- og pekefingeren».