Innledning
”Inte jag heller” er skrive av den svenske songaren Säkert, og vart gitt ut i albumet Däggdjur i 2017.

”Ord over grind” vart derimot gitt ut i 1955 i samlinga I ein annan skog. Diktet er skrive av Halldis Moren Vesaas.

”Inte jag heller” er ein songtekst, og ”ord over grind” er derimot eit dikt. ”Inte jag heller” er ein svensk songtekst, og består av syv strofer.

Strofene har ikkje like mange verselinjer. Diktet har ikkje noko form for rim. Det er derimot tatt i bruk gjentaking i dei tre fyrste strofene.

”Inte jag heller” er skrive på siste verselinje. Dette er òg tittelen på diktet. Gjentakingar er tatt i bruk for at ein skal hugse betre.

”inte jag heller ” er ein viktig setning for det visar at forteljaren i songteksten er eit ”lyrisk eg” som stiller spørsmål til eit ”du”.

Ein får eit innblikk i personlegdommen gjennom svara og spørsmåla som gis. Det lyriske eg-et gir songteksten difor ein personleg stemme. ”Du” representerer òg eg-et som reflekterer med seg sjølv.

Utdrag
”Inte jag heller” høyre til postmodernismen, og problemstillingar som er typiske i denne perioden vert tematisert.

Det er eit fokus på individet og problemstillingar ein sjølv kan oppleve. Eit tema i teksten er det å føle seg utanfor og ikkje passe inn.

Dette kjem til dømes til utrykk gjennom samanlikningane med den bøygde tetrisklossen og det å føle seg som den tykke bestevennen i ein film.

I dagens samfunn må ein sjølv definere identiteten sin og prøve å passe inn. Rollen er ikkje gitt på forhand, slik som den ein gong var.

Det er difor mange som slit med at dei føler dei ikkje er inkludert og passar inn. Akkurat som ”tetrisklossen som kommer sneddas, när alla ville ha en avläng”.

Det er mange sym synast det er vanskeleg å leve opp til forventningane i dagens samfunn, og at det ikkje er mykje plass til dei som skillar seg ut.

Man skal heller være ”normal” og passe inn med resten av samfunnet. Einsemd er òg eit tema som teksten tar opp.