”I kveld er gatene fylt av kjærlighet” | Analyse

Innledning
Tre dagar etter terrorhandlingane på Utøya den 22.juli 2011 haldt kronprins Haakon Magnus ein tale over Rådhusplassen. ”I kveld er gatene fylt av kjærlighet” kan plasseras i sjangeren anledningstale ettersom den blei haldt til minne for terrorofra.

Den handlar i hovudsak om korleis kjærleik, tiltru til einannan og ytringsfridom skapar det sterke fellesskapet som er oppskrifta til eit solidarisk og fritt land. Desse tankane representerer temaet om fridommen ovanfor frykta, der det gode sirar over det vonde. Korleis Haakon har fått fram bodskapen ved å bruke ulike verkemiddel og knep, og kva effekt det har på mottakarane, vil denne analysen handle om.

Utdrag
Sendaren av talen er ein kongeleg person som politisk sett er plikta til å opptre nøytral når det gjeld politiske meiningar. Han skal representere landet; ”Haakon Magnus av Noreg”.

Det var forventa at ein frå kongefamilien skulle halde ein anledningstale i denne tida. Dermed måtte han vere nøytral, slik at kvart enkeltmenneske kunne vere einige i det han sa.

Mottakarane hadde sannsynligvis ulike politiske meiningar og det fins sjølvsagt parti for desse ulike syna på skatter, pensjon og så vidare.

Dersom han til dømes hadde ropt ”Stem Høgre!” i slutten av talen, ville han mista si truverdigdom som ein talsmann for heile den norske befolkning.

Ved å unnlate å bruke politiske meiningar, men heller fortelje om korleis vi generelt vil at landet vårt skal være, skaper dette ein påliteleg og styrkjande etos.

Truleg har avsendaren blitt særs godt informert om kvar detalj angåande terrorangrepa frå regjeringa, og er dermed meir enn godt nok informert til å kunne halde minnetale. På same tid er det rimeleg sikkert at Haakon ikkje er ein faglig autoritet på områder som sikkerheit eller krisehandtering.

Informasjonen han tildeler mottakarane er allereie kjend og han treng ikkje gå i djupna på dei. Dei treng ikkje vurderas pålitelige eller ei, alle har blitt ramma av kjenslene knyta til terroraksjonane, noko som avsendaren konkluderer med.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter