‘Hvis vi tar bort alt vi eier’ | Analyse | 5 i karakter

Innledning
«Hvis vi tar bort alt vi eier» og «Inspirasjonen bak verdens mest avanserte hjelm» er to ulike annonsar frå 2011 og 2014, der avsendaren er Forsvaret.

«Hvis vi tar bort alt vi eier» er ein informativ reklame der formålet er å informera det norske folket om kva Forsvaret står for, medan «Inspirasjon bak verdas mest avanserte hjelm»

ein stillingsannonse, der formålet er å informera målgruppa ingeniørar om ulike stillingar i Forsvaret. Begge annonsane har vorte publiserte i aviser og magasin.

Utdrag
«Hvis vi tar bort alt vi eier» inneheld mange visuelle verkemiddel. Hovudbildet i annonsen er plassert på venstre side og er eit fotografi.

Fotografiet fungerer som eit blikkfang i reklamen, fordi bildet skil seg ut frå resten av annonsen ved å vera fargerikt. Både forgrunnen og bakgrunnen er prega av rot, men det er litt mindre ting i forgrunnen.

Bildet inneheld sterke fargar som står i kontrast til kvarandre, noko som skaper dynamikk i bildet. Motivet i bildet er ein frykteleg rotete garasje, der vi ser mellom anna ein sykkel, ski, akebrett og ein moped.

Bildeutsnittet kan definerast som halvtotalt, fordi utsnittet berre tar med ein del av garasjen. Mottakaren kan berre sjå for seg korleis heile garasjen ser ut.

Øvst i bildet ser vi fleire diagonale linjer som gir bildet dynamikk og bevegelse. Funksjonen til bildet er å appellera til mottakaren ved å oppnå ein reaksjon på den rotete garasjen.

Eit anna bilde som konkurrerer om merksemda, er fotografiet av barnet og mora. Kombinasjonen av desse to bilda skaper forvitenskap.

Bilda er veldig ulike, mellom anna i fargebruk og stemning. Barnet og mora skaper ro i annonsen fordi dei står samla, medan garasjen har stikk motsett stemning.

I tillegg er logoen øvst i vestre hjørne viktig i denne annonsen. Når mottakarar les annonsar, følgjer vi som regel ein bestemd leseretning.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå