«Hvis det er sant» | Novelleanalyse

Innledning
«Hvis det er sant» er ei novelle skriven av Jakob Arvola».

Den vart gitt ut i 2014 som ein del av novellesamlinga «Det går ikke over». Handlinga er sett til Oslo, dagen før 2. verdskrig var over. Kvelden den 7. mai 1945 møter ei lita jente ein tysk soldat på ein parkbenk i Oslo.

Ho er først redd fordi ho har fått vite at ho aldri skal snakke med sånne som han «hvis ikke de snakker først», men dei kjem så i snakk, og jenta er ikkje redd lenger.

Soldaten fortel at krigen snart er over, og at ho er den første han seier det til. Han seier så at ho skal seie det til alle ho kjenner, før ho går heimover. Då jenta snur seg tilbake, sit ikkje soldaten på benken lenger.

Utdrag
Synsvinkelen er tredjeperson personal, noko som vil seie at forteljaren står utanfor handlinga og følgjer ein av personane, i dette tilfellet jenta. Vi får vite kva ho føler og tenkjer, og ser handlinga gjennom hennar auge. Dette fargar innhaldet i teksten ved at ein ser krigen og soldatane frå eit nytt perspektiv, og med naiviteten til eit barn.

Det er den vesle jenta som er hovudpersonen i teksten, men ho blir ikkje skildra direkte. Den einaste direkte skildringa er at ho har eit eple i lomma som ho har fått av far sin.

Gjennom ting ho seier, tenkjer og gjer, skjøner ein likevel at ho er ganske så ung, men likevel smart, og at ho har empatiske trekk sidan ho klarer å skilje mellom dei ulike sinnsstemningane til soldaten.

I tillegg verkar ho pliktoppfyllande ved at ho heile tida gjentek for seg sjølv kva ho har blitt fortalt av foreldra.

Om soldaten får vi vite han har pynta seg ved å ta på seg alle medaljane sine og pusse skoa, og at han går med pistol og har frakk. Elles merkar ein ein slags resignasjon, og det er ikkje lett å avgjere kva humør han faktisk er i. Det verkar viktig for han å ikkje skremme jenta og å få fram at det straks er fred.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå