Innledning
Boka heter Glimt og er skrive av forfattaren Tor Arve Røssland. Ho er utgjeve av Det Norske Samlaget i 2005. Boka er skrive på nynorsk.

Innholdsfortegnelse
Nnleiing
Presentasjon Av Forfattaren
Presentasjon Av Boka
Sjanger
Synsvinkel
Personskildring
Bipersonar/relasjonar
Miljø
Handlinga
Høgdepunkt
Skildringar
Språk
Verkemiddel
Eigene Tankar Og Tema
Eigen Vurdering

Utdrag
Det er ikkje noko spesiell skildring av korleis hovudpersonane ser ut. Solveig er ein av hovudpersonane og ho er ei 15 år gamal jente.

Ho er foreldrelaus og blir tilsett som tenestejente hos tyskarane. Ho er usikker og redd for å gjere noko gale for dei har trua henne med å sende ho på barneheimen på fastlandet.

Solveig har ein kjærast som heiter Torbjørn. I løpet av historia blir ho skulda for å stå i ledetog med tyskarane, og Torbjørn gjer det slutt med ho.

Jon er den andre hovudpersonen, men i den andre fortellinga. Han er også 15 år gamal. Han er ikkje særleg glad i skulen og trivst dårleg i sosiale settingar.

Han stammar når han blir stressa og usikker. Mora og faren er skilde. Jon flyttar til Grovøy saman med mora som har fått ny jobb der. I løpet av historia blir Jon litt tryggare og han stammar mindre.

Bipersonar/relasjonar
I historia om Solveig møter vi Kaptein Wilhelm Storm. Han er ein tysk offiser som flyttar inn i huset til Solveig.

Han ordnar det slik at Solveig får arbeide som tenestejente for han, og ho slepp dermed å reise på barneheimen.

I historia er der også ein anna tysk offiser, løytnant Steiner. Solveig syns han er skummel og han gjev henne ein dårleg følelse.

I tillegg møter vi så vidt Solveigs vener, Thorbjørn, Kjell og Kari. I historia om Jon møter vi læraren som heiter Finn. Han er ikkje bære lærar, men også leiar i fritidsklubben, gitarlærar, skyteinstruktør og hobbyfiskar.

Ein anna person vi møter i denne historia er frøken Hansen. Ho er ei dement gamal dame som bur på aldersheimen. Det kan virke som om frøken Hansen kjenner att Jon enno han nettopp er komen til øya.

I historia blir vi også kjent med nokre ungdommar som Jon blir venar med etterkvert. Dei heter Rebecca, Petter og Alex og spelar i eit rockeband.

Desse venane prøvar å hjelpe Jon med å løyse mysteriet på ungdomshuset. Vi blir også kjende med Jons mor og far som er skilde. Far hans bur i Stavanger med sin nye kjæraste.