Frå humanisme til egoisme | Norsk

Innledning
«Mennesket er eit egoistisk dyr. Det er naturleg for oss å utnytte naturen maksimalt», (Amundsen, 2001). Dette er ein ide vi kan høyre om i dagens samfunn, men kanskje ikkje noko som var eit tema i mellomalderen, i ein tid da enkeltmennesket hadde lita tyding.

Til dømes betydde døden til eit menneske lite, og eit drap var ikkje like alvorleg og skrekkeleg som det er i dag. På denne tida var det ikkje komforten til enkeltmennesket, menneska sine meiningar og deira tankar som var i sentrum, det var slekta og fellesskapet med Gud. Synet på mennesket har utvikla seg svært mykje i åra mellom mellomalderen og i dag, men den største utviklinga skjedde i renessansen.

Denne utviklinga har ført til at synet på mennesket i dag er eit heilt anna enn det var i mellomalderen og i renessansen. Korleis er eigentleg ‘eg’-et i dag, og kva for ein verknad har synet på eg-et på livet til menneske

Utdrag
Ein kan påstå at menneska i dag ikkje lenger setter mennesket generelt i sentrum - dei setter seg sjølv i sentrum. Om påstanden om at menneska er egoistiske stemmer, kan sjølvsagt diskuteras.

Er vi egoistar, eller er vi eigentleg individualister? Ein individualist er ifølge wikipedia ein person som legg vekt på fridommen til individet. (Wikipedia, "Individualist": Wikipedia, 2012), imens egoisme ifølge filosofi.no er ein filosofi som handlar om at menneska skal tenkje på seg sjølv og gjere det som er best for seg sjølv. ("Egoisme", etikk: webområde for Filosofi, ikke oppgitt).

Ordet egoist har ifølge filosofi.no ei litt anna tyding for menneske flest enn den eigentlege tydinga til ordet, derfor vil ikkje menneske flest seie at dei sjølv er egoistar. «I dag oppfattes «egoist» som nærmest synonymt med «hensynsløs bølle»,» ("Egoisme", etikk: webområde for Filosofi, ikke oppgitt). Egoisme handler om å kjempe for seg sjølv og å ta valg slik at det blir best mogeleg for deg sjølv.

Kan eigentleg seie at menneska er egoistar, når dei fleste bryr seg om og vet mykje om verden rundt seg, til dømes menneske i fattige land og naturvern?

Det kan virke som at mange menneske som seier at dei bryr seg om verden rundt seg og naturen eigentleg gjer dette av egoistiske grunnar, fordi dei sjølv føler seg betre dersom dei seier at dei bryr seg. Dette er det sjølvsagt vanskeleg å seie noko sikkert om, men likevel styrker det påstanden om at mennesket er eit egoistisk vesen.

Få gratis tilgang til oppgaven

Last opp en av dine egne oppgaver og få tilgang til denne. Det tar bare 2 minutter