Innledning
Diktet «Fra en annen virkelighet» av Gunvor Hofmo (1921-1995) er ein del av diktsamlinga med same namn som vart utgjeven i 1948.
Hofmo var ein av landets fremste lyrikarar i etterkrigstida. For Hofmo førte krigen til eit langt liv med depresjon og psykiske lidingar.
Hennar einaste venn, ei jødisk jente, vart teke til fange og send til konsentrasjonsleir i Auschwitz noko som i stor grad har prega hennar forfattarskap.
Diktet «Det ror og ror» av Tarjei Vesaas (1897-1970) er henta frå diktsamlinga «Lykka for ferdesmenn», som kom ut i 1949.
Vesaas var ein av Nordens viktigaste forfattarar på 1900-talet og gjorde gjennom sitt liv stor suksess med romanar, lyrikk og dramatikk. Desse forfattarane har dessutan også samarbeid om diktet «Hvem er jeg i en ødelagt verden» (1946).
Utdrag
Diktet er i tillegg rikt på kontrastar. Vi finn ein stor kontrast mellom dei to røyndene som vert skildra.
Den verda alle menneska oppheld seg i, og den eg-et sit fast i som har oppstått på grunn av tomheit og einsemd.
«Se, jeg svaler min hånd i det kjølige gress» skapar ein anna smertefull kontrast. Dette er eit konkret døme henta frå røynda som dei fleste av oss kjenner til.
I diktet ser dette ut som eit snev av håp eller nytt mot. Dette håpet knusast straks når det lyriske eg-et ikkje skildrar grasstråa som gras, men som «kimende klokker av sorg og bitter forventning».
I nest siste linje finn vi ein kontrast som er typisk for både modernismen og Hofmo sitt tidlege forfattarskap. «Stillheten hører jeg rope».
Hofmo hadde det sjølv særs vanskeleg på denne tida med hyppige innleggingar på psykiatrisk avdeling.
Eg tolkar dette som at stillheita ropar og prøver å lokke henne ned i einsemda og mørkare verder. Diktet kan på denne måten vere hennar rop om hjelp.
I «Det ror og ror» finn vi verkemiddel som symbol, gjentaking og kontrastar. Det er som tidlegare nemnt eit symboltungt dikt. Havet som i diktet vert rodd på kan vere eit symbol på livet med angst.
Saman med tittelen «det ror og ror» som kan symbolisere den endelause angsten gir dette ei beskriving på livet med angst.
Ein sit fast ute på havet og strevar og ror, men ein kjem seg ingen plass «og snart skal ein sugast ned».
Legg igjen en kommentar