En gang var jorda flat | Analyse | 5 i karkater

Innledning
«En gang var jorda flat» er ein annonse frå Telia publisert i A-magasinet 12. februar i år. Før eg byrjar å analysera dei retoriske verkemidla i teksten er det viktig å få ei oversikt over den retoriske situasjonen.

Telia publiserte annonsen i ei tid der korona pregar mykje av kvardagen vår, og mange brukar mykje tid på mobiltelefonen sin.

Tidspunktet for annonsen passar derfor godt. Eg vil seia at målgruppa for annonsen i hovudsak er den yngre delen av befolkninga som gjerne bruker mykje tid på telefonen og meir mobildata enn vaksne, som i større grad kan relatera til det kvardagslege språket som er brukt.

Utdrag
Annonsen prøver å appellera til etos på fleire måtar. Dette blir gjort i det gjennomgåande temaet om å utfordra etablerte sanningar.

I det første avsnittet blir det beskrive korleis vi fann ut at jorda var rund for over 2000 år sidan, og store og kjente namn som Pythagoras og Aristoteles blir trekt inn i annonsen. Dette gjer at vi får større truverd til annonsen.

Eg vil seia at det er i det andre avsnittet annonsen får mest truverd. Her blir det forklart korleis mobiltelefonen har gjort kvardagen vår enklare gjennom ulike døme og det står «Vårt mål er å gjøre hverdagen din bedre».

Her prøver Telia å få lesaren til å tru at dei har eit mål om å hjelpa akkurat deg. Telia-logoen med teksten Noregs største utfordrar er òg eit viktig moment som underbygger hovudbodskapen i teksten.

Telia er ein av Noregs største mobiloperatørar som gjer at lesaren frå starten av har tillit til teksten.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå