Innledning
Etter den romantiske perioden på starten av 1800-talet, der fokuset låg på kjensler og det guddommelege i naturen, følgde realismen.

I Noreg varte realismen frå ca. 1850 til 1890-talet, og stod i sterk kontrast til romantikken, slik føregåande periodar også har stått i kontrast til kvarandre.

Litteraturen skulle ikkje lenger handle om kor bra Noreg var eller kva kjensler mennesket bar på. Det var på tide å sjå alt som det faktisk var, og som Georg Brandes sa; samfunnet skulle setje problem under debatt.

Tema som kvinnesyn, klasseskilje, kristendom og kyrkjas posisjon var populære blant realistiske forfattarar. Ein av desse var Alexander Kielland (1849-1906).

Kielland hadde dårleg samvit over kor godt han sjølv hadde det og ville avsløre urettferda i samfunnet. I romanen Garman og Worse (1880) tek han bl.a. opp kor stort og urettferdig klasseskiljet er.

Utdrag
Dette utdraget er fullt av kontrastar, noko som var eit viktig verkemiddel for realistiske forfattarar for å få fram den kritiske haldninga dei hadde til samfunnet.

Kielland skriv, «Nu kunne det ikke gå an for dem å passere … hvor det var strødd for konsul Garman med grønne blader, syriner og gullregn.

Det var altså ikke annet å gjøre enn å vente til de ble ferdige i kirken». Her viser Kielland sterke kontrastar mellom fattig og rik.

For konsul Garman var det veldig stas og ein storslått seremoni i kyrkja, mens Marianne sitt følgje ikkje ein gong fekk kome til.

Dei måtte vente utanfor til konsulen sin seremoni var overstått for å få ein simpel jordpåkasting, «det falt mest bekvemt for alle parter, når presten først var på kirkegården allikevel.

Det skulle jo bare være jordpåkastelse». Marianne si gravferd var ikkje viktig nok til at presten kunne kome berre for det, men han kunne ta det etter han var ferdig med konsulen si gravferd.

I tillegg seier klokkerkontoret at «det falt mest bekvemt for alle parter» sjølv om det ikkje var det som passa for Martin.

Det viser til at Marianne sitt følgje ikkje blir tatt omsyn til. Dette set både kyrkja og borgarskapet i eit dårleg lys, som er hensikta til Alexander Kielland.

Det var sentralt for realistiske forfattarar å bruke detaljar for å reflektere verkelegheita og få det til å verke så realistisk som mogeleg. Dette skulle gje lesaren eit inntrykk av at innhaldet var sant.