Utdrag
Dei gamla Håvamål, som du allereie veit var eit gudedikt frå Den eldre Edda som var meint som ein instruksjon på korleis ein skulle leva på den tida.

Dette diktet var delt opp i levereglar. Eg skal skriva litt om meiningane mine om kor aktuelle eit par av desse levereglane er i dag.

I utdraget på oppgåva vi fekk ligg det tre levereglar, eg skal skriva om dei som byrjar med «Døyr fe» og «Eig du ein ven».

Den første leveregelen handlar kort sagt om ryktet du arvar. Leveregelen seier at korleis ein behandlar andre, og kva ein får oppnådd med livet sitt er noko som burde setjast høgt.

Denne regelen, etter meininga mi har vorte lite endra av tid. Regelen fortel at ein burde verdsetja ettermæle og at ein burde ikkje gjera ting som kan svekka ryktet ditt.