Innledning
«Barnebrud» er ein samansett tekst frå eit kampanjemagasin frå bistandsorganisasjonen Plan Norge. Magasinet blei sendt i posten til medlemmane av organisasjonen og var vedlegg i Dagbladet 20.09.14.
Reklama er informativ, og har som mål å få lesaren til å bidra til å bli fadder til jenter som kan ende som barnebruder.
Målgruppa som Plan Norge siktar mot, er alle som har råda til å finansiere nokon i nød. Derfor er val av fargar og motiv godt gjennomtenkt, ettersom det tiltrekk seg blikk frå menn og kvinner i alle alderar.
Ved fyrste blikk legg ein merke til eit veldig behageleg og vakkert fargepalett. Fargane som går igjen er kvit og rosa, som kan symbolisere noko elegant og positivt.
Kvit i bakgrunnen vil i mange situasjonar oppfattast som noko reint og uskuldig, og den tradisjonelle kvite kjolen gjev eit tradisjonelt utrykk.
Denne framsida kunne gjerne vore ei framside på eit brudeblad med promotering av dyre kjolar og pynt, men det er noko ved jentas ansikt som skapar eit blikkfang.
Utdrag
Ei kvit fin kake med ein stor mann og ei lita jente med musefletter ved sida av seg på toppen, kjennast feil og umoralsk å i det heile produsere.
Dette, kombinert med sitat frå Olaf Thommesen gjer lesaren uvel. «Jenter som blir giftet bort som barn, er oftere utsatt for vold og mishandling.»
Generalsekretæren i Plan Norge kjem med eit faktabasert utsakn, men for å understreke kvar han står i saka er biletet av han med det ein kan tru er eit barn Plan Norge har hjelpe eit godt symbol på nestekjærleik og omsorg.
Forpliktinga og dugnadsarbeidet til eit betre fellesskap kjem fram i teksten ved hjelp av at Plan Norge ordlegg seg i form av å bruke «oss» som hovudpoeng.
«Med støtte fra faddere og samarbeidspartnere, arbeider Plan systematisk for å stoppe barneekteskap.»
Mellom linjene kan ein lese at det oppfordrast til å bli fadder om det enda ikkje skulle freiste, grunna at Plan Norge er avhengig av engasjement i prosjektet.
Kva om dette hadde vore innført og forsøkt normalisert i Noreg? Dette spørsmålet stillast om og om igjen i ulike format og bilete gjennom alle tre sidene.
Her i landet vi så godt kjenner til som demokratisk og med folkets beste i botn, hadde det aldri vore rom for å rane norske barn for sin barndom og skade deira liv og framtid.
Legg igjen en kommentar