Innledning
Arv og miljø» er ein trykt annonse publisert på vegne av SINTEF i Dagens Næringsliv i Februar 2018. Dagens næringsliv er ei avis som hovudsakleg fokuserer på økonomi og næringsliv og SINTEF er eit forskingskonsern som blant anna har eit tett samarbeid med NTNU.

Ut frå tekstens innhald og det tilhøyrande bildet kan ein anta at målgruppa er unge menneske med ambisjon som kan ha interesse for industrinæringa. Annonsens formål er å rekruttere talent til sitt nyaste institutt, SINTEF industri.

Utdrag
Det tas i bruk ei rekke verkemiddel i annonsen. I retorikken frå den greske antikken var det vanleg å skilje mellom tre appellformer: logos, etos og patos.

Logos tok for seg logiske resonnement, etos handla om truverdigheta til talaren eller skribenten og patos tok for seg den emosjonelle dimensjonen i argumenta.

SINTEF visar til at arv og miljø er eit fellestrekk mellom alle skapningar og organisasjonar. Dei understreker denne samanhengen med å starte setninga i andre avsnitt med den direkte samanlikninga «akkurat som deg».

Her trekkjast parallellar mellom SINTEF og lesaren og det skapast en følelse av kjennskap og likskap. Dette er eit eksempel på eit forsøk på å engasjere følelsar.

Eit anna eksempel på patosappell er når dei i det siste avsnittet stiller spørsmålet «ønsker du en endring?» for så å love at dei legger til rette for utvikling.

Her tappar annonsøren inn i eit ønske om sjølvrealisering. Når dei seier at dei ønsker å tilsetje fleire folk formulere dei det slik:

«Nå ønsker vi å ansette flere til å videreføre arven vår». Her framstillast arbeidet somfre meiningsfylt og det formuleringa følgjer temaet om arv og miljø.

SINTEF byggjer etosen sin, eller truverdigheta si, rundt det faktum at dei har vært aktive sidan etterkrigstida og at dei er ein globalt anerkjend merkjevare. Dei viser også til at det er 500 personar som jobbar på det nye instituttet, dei er altså ein stor aktør.

Dei logiske argumenta for å begynne hos SINTEF er blant anna at dei ikkje har eksterne eigarar som dei må tilfredsstille, slik at organisasjonen kan setje sine eigne interesser først. Her trekkjest framtida inn som ein viktig faktor.