Innledning
Alle utlendinger har lukka gardiner er ein oppvekstroman som Maria Navarro Skaranger debuterte med i 2015. Romanen handlar om den norsk-chilenske tenåringen Mariana som bur med familien sin på Romsås.

Boka skildrar eit vanlig tenåringsliv, forelsking og familieløyndomar, og Marianas kvardag i et multikulturelt ungdomsmiljø blir beskrive på ein autentisk måte. Lesaren får eit ekte innblikk i ei drabantbytilvere som for mange enno er ei heil framande verda.

I denne refleksjonen skal eg sjå litt på språket og kva forfattaren har gjort for å skildre eit ungdomsmiljø som mange nordmenn ikkje har noko forhold til, og korleis hun setter lesaren inn i dette miljøet.

Utdrag
Romanen er skreve som ein dagbok og består av korte kapitla med titlar som «Masalla», «Kaketæsjer», «Morra di» og «Chipperdama».

Navarro har skrive heile boka på ”kebabnorsk”, eit munnleg språk som ofte blir brukt av ungdommens innvandrarar. Dialekta er ei blanding av norsk og utanlandske språk, som for eksempel arabisk.

Sidan det er eit munnleg språk blir ikkje grammatikken brukt på riktig måte og ordstillinga i romanen blir ofte stokka om, «Jeg ikke kommer over fuglen jeg drepte og i dag en måke også bæsja på sekken min» (s.52) På grunn av denne kebabnorsken har forfattaren braka noko nytt til norsk litteratur, og er noe heilt nytt i norsk litteratursamanheng.

Den skil seg ut ved at den handlar om det multikulturelle drabantmiljøet i Oslo, noko vi ikkje lesar så mykje om i norsk litteratur.

Boka skildrar samtida vi lever i og om røyndomen akkurat no og opnar for fleire bøker med multikulturelle hovudpersonar i framtida. Det er kebanorsken som bærer heile romanen og språket er like viktig som sjølve handlinga.