Innledning
Teksten «Å, så vakker dialekt du snakkar» som kom ut i 2008 av Jon Peder Vestad, tar føre seg blant anna ros og kompliment, makt og prestisje i tale- og skriftspråk i Norge.

Vestad sitt hovudsyn i teksten er å ta vare på den dialekta ein har, vere stolt av den og ikkje vatne den ut.

Ta imot ros, men vær oppmerksam på at det kan liggje noko bak rosen, noko nedlatande. Forfattaren er også kritisk til personar med makt og komplimentane dei gir.

Nokon argument Vestad brukar for å byggje opp under hovudsynet sitt, tar opp makt og prestisje, bondedialektar og engelske låneord. Ifølge Vestad, kan ein gje uttrykk for eit skjult maktforhold ved å nemne andre sine dialektar.

Utdrag
Vestad brukar språklege og retoriske grep for å argumentere for hovudsynet sitt. Eg valde å fokusere på minusord, retoriske spørsmål og ironi/sarkasme i teksten.

Ved hjelp av minusord eller negative ord kan Vestad få fram hovudsynet sitt og hans irritasjon mot å vatne ut dialekta og nynorsken i Noreg. I tillegg meiner kanskje Vestad å provosere og skrive ting litt på kanten.

Eit døme på minusord i teksten er; nedvurdering, fordommar, fjøsspråk og grautmål, makt, farleg, rart, rare, vittige, gammeldags, snobberi.

Grunnen til at Vestad valde å bruke negativt ladde ord er kanskje for å få fram sin negative holdning til komplimentar og dialektane som vert utvatna.

Det andre verkemidlet eg har tenkt å ta for meg er retoriske spørsmål. Eit retorisk spørsmål er eit spørsmål der det ikkje vart forventa eit svar, eller at ein forventar at publikum er einige om kva svaret er.

Dette hjelper Vestad i argumentasjonen sin ved at han får fram poenget og meininga si på ein meir kraftfull måte.

Retoriske spørsmål brukast gjerne til å få folk til å vere einige med den som stiller spørsmålet, det kan i verste tilfelle verte ein slags massesuggesjon.

Eit døme på det i teksten er; «Er det derfor så mange som bur ein times avstand frå Oslo snakkar så rart?», «Eller er det berre fordommar for eksempel eg har?»

«Men korfor er det så viktig for somme å stemple språkbruk på denne måten?», «Er eg god nok, når språket mitt tydeligvis ikkje er det?». Det siste verkemidlet eg skal ta for meg er ironi/sarkasme.