Eg snakkar om det heile tida | Norsk oppgave

Innledning
Etter eit arrangement sit vi elleve stykke rundt eit bord og tar ein øl. Vi er i København, men alle rundt bordet er nordmenn. Eg sit ved sida ev ei kvinne, ein lærar. Ho kallar meg neger.

Det rykker i kroppen min. Eg trekker pusten. Pustar ut. Lurer på om eg skal la det passere akkurat i kveld?

Eg er lei. Lei av å la det passere. Som om dette var Apartheid på 60-tallet. Da hadde ikkje vi sete ved same bord på ein pub i København midt på natta.

Utdrag
Ho er ein lærar som skal ha alle svara, men dette kom uventa. Ho forklarar seg bort i all slags uvær. Eg er mørkhuda og ikkje heilt norsk.

Ho seier at det ikkje var ment som ein fornærming. Neger er jo bare eit ord, ikkje sant? Ho snakkar som ein av eleva sine. Ho undervisar første klasse. Det er som å samanlikne ordet med styggefingeren. Det er jo bare ein finger.

Bytt til nytt Last opp en av dine oppgaver, og få tilgang til denne oppgaven
  • Oppgaven blir kvalitetssjekket
  • Vent i opptil 1 time
  • 1 nedlastning
  • Minst 5 i karakter
Premium Fast lav pris pr. måned Få tilgang nå