Innledning
Boka ”Så vakker du er” handlar om ein gut som heiter Henrik. Henrik har ein onkel. Han slit med rus og alkohol. Onkelen til Henrik heiter Simon, og det er han som historia handlar mest om.
Ein får òg vite om Henrik og han sitt kjærleiksliv. Simon er veldig sjuk, og blir ikkje noko betre igjennom teksten. Han spyr støtt, og blir etter kvart lagt inn på sjukehus.
Til slutt orkar han ikkje meir, og døyr. Det var ikkje håp for han. Simon hadde òg visst det ei stund. Henrik har møtt ei jente som heter Kjersti.
Han stoppar ikkje å tenkje på henne. Henrik og Kjersti finner på mykje i lag, og ender opp med å bli eit par. Ho hjelper Henrik ein del etter Simon sin daud.
Utdrag
I boka er det masse språklege bileter. Det brukas blant anna metaforar og samanlikningar.
Dette er tatt i bruk på kvar side gjennom heile boka. Forskjellen på ein samanlikning og ein metafor er at i ein samanlikning brukar ein samanlikningsorda ”som”, ”likesom” eller ”lik”.
Nokre dømer på samanlikningar i boka er; ”Kjende det iskalde fjordvatnet som glasskår mot leggene”(Tjønn, 2013, s.63)
”Det kjendes som om eg hadde svelgd heile fjorden”(Tjønn, 2013, s.63) og ”Kleda hang som store gardiner på kroppen”(Tjønn, 2013, s.9).
I desse samanlikningane brukte dei samanlikningsordet ”som”. Nokre metaforar i boka er; ”Mørket hadde lokka regnet fram”(Tjønn, 2013, s.45) og ”Kjølte ned ansiktet med den kalde kvite vinteren”(Tjønn, 2013, s.49).
Den eine metaforen er ein personifikasjon fordi mørket er ein abstrakt ting som får menneskelige eigenskaper.
Ved å ta i bruk språklege bileter i ein tekst, gjer det at handlinga blir meir levande. Teksten blir òg meir interessant å lese.
Legg igjen en kommentar