Innledning
I 1890 fekk Knut Hamsun sitt store gjennombrot med romanen «Sult». Hamsun var viktig for den tidlege modernismen i Noreg.
Kristofer Uppdal skreiv i 1919 si kanskje mest kjende diktsamling, Altarelden. Altarelden inneheld fleire kjende dikt, mellom anna «Skriket», og tok for seg tema som livsoppgjer, eksistensielle grunnforhold, smerte og liding.
Fagartikkelen «Angst» er publisert på nettstaden til Store norske leksikon og er skrive av Ingun Skre.
I denne oppgåva skal eg samanlikne framstillinga av angst i dei tre tekstane nemnt ovanfor.
Utdrag
Motivet i diktet «Skrik» er ein tur i skogen. Verket er på mange måtar ei tankereise gjennom ein person sitt hovud. I byrjinga er turen i skogen tilsynelatande fredfull.
Men ei brå hending utløyser ein angstreaksjon hos personen, noko som øydelegg turen. Gjennom diktet får vi innblikk i korleis angst kan vere ei form for sjølvpåført liding.
Fagartikkelen til Skre skildrar angst som eit medisinsk og psykiatrisk fenomen. Her får vi ei kort oppsummering av kva angst er for noko, og korleis det kan utspele seg hos personar som er påverka.
Skre definerer angst som «en følelse av uro, anspenthet, nagende forventning om at noe farlig kan hende, eller en overdreven fryktreaksjon på en hendelse»
Både Hamsun og Uppdal var modernistiske forfattarar. Fenomenet ekspresjonisme vaks fram saman med modernismen og ynskja å uttrykke skaparen si subjektive verkelegheitsoppfatning.
Forma er viktig for å få fram individet si oppleving av angst. Når ein utanforståande les «Sult» kan hovudpersonen verke vanskeleg å forstå.
Men det er heller ikkje meininga at alle utanfor skal kunne forstå. Modernistane meinte at ingen kunne skildre verkelegheita på ein objektiv måte, derfor vil ingen kunne skildre angst på ein måte som gjer at alle kan forstå.
Vidare bryt Uppdal med den tradisjonelle diktforma i «Skriket». Det er lite spor av rim og ingen fast mønster i lengda på versa og verselinjene.
Fleire stader skiftar han avsnitt midt i ei setning. Den modernistiske forma og ekspresjonismen er også her viktig for framstillinga av angst. Forma til diktet er uføreseieleg.
Vi veit ikkje når vi kjem til neste vers, vi veit ikkje kva neste ord blir, på akkurat same måten som ein ikkje veit kva neste tanke blir under eit angstanfall. På den andre sida har vi fagartikkelen om angst skrive av Ingunn Skre.
Legg igjen en kommentar