Innledning
Det finst ikkje mange Norske forfattarar som har sementert sin plass i litteraturhistoria slik som Knut Hamsun har.

Som ein av dei fremste romanforfattarane og ein viktig figur innanfor både realistisk romanlitteratur og nyromantikk er det få som ikkje har høyrt om han.

Den nyromantiske romanen «Sult», gjeven ut i 1890 har vert sagt til å være Hamsuns gjennombrotsverk.

Innholdsfortegnelse
Innlending
Om Knut Hamsun
Samandrag
Persongalleri
Verkemidlar og modernistiske trekk
Bodskap

Utdrag
«Sult» følger en namnlaus eg-person i Kristiania på slutten av 1800-tallet. Han jobbar som skribent og strever kvar dag for å overleve.

I starten av boken fungerer dette godt for han sjølv om han rett nok er relativt fattig. Etter kvart går det gale for hovudpersonen. Han får ikkje selt artiklane sine og økonomien svinner.

Dette fører til at husleiga ikkje blir betalt og at mat ikkje kommer på bordet. I tillegg til dette har han ikkje råd til klede, og sedan været er dårleg i store deler av historia påverke dette livskvaliteten hans veldig.

Hovudpersonen er full av stoltheit og sjølv om han sjeldan lykkes, held hand fram med å skrive artiklar. Han vil ikkje at andre skal vite at økonomien er dårleg.

Dette fører til at han ofte lyg både andre og seg sjølv om kor dårleg livet eigentleg har vorte. Han holdet framleis motet oppe og tener litt pengar av og til som haldar han i live.

Svolten kommer likevel alltid tilbake, og den fører som oftast til hallusinasjonar. Livet endrar seg litt når han kjem i kontakt med ei jente han kallar for Ylajali.

De møtes fleire gonger, men når han til slutt fortel om korleis han har det vil hun ikkje ha noko med han å gjere lenger. Etter denne hendinga bestemmer han seg for å reise til sjøs. Dette er det siste vi ser av han og også der romanen ender.

Persongalleri
Slik som mange andre romanar finst det ikkje veldig mange karakterar av substans i boken, men dei som er der får mykje tid og utvikling gjennom hele historia.

Den første karakteren man ser er den namnløyse eg-personen som også er hovudpersonen i boken. Han er skribent og skrivar artiklar for avisa. Vi får aldri vite hans eigentlege identitet, og falske namn er noko han ofte kommer opp med.